Vald i nære relasjonar

Alle som jobbar med både eldre og unge skal få kunnskap og støtte når det gjeld å oppdage og melde ifrå ved mistanke om vald i nære relasjonar. Målet er at alle heimar skal vere ein arena for tryggleik og omsorg - utan vald.

Kort om planen og planarbeidet:

Kommunane i HAFS er saman om ein felles mal/rammeplan, og kvar kommune har utarbeida sin eigne kommunale planar ut ifrå dette. Den interkommunale handlingsplanen mot vald i nære relasjonar skal vere eit verkty for å styrke og samordne den kommunale innsatsen mot vald i nære relasjonar. Planen gjeld for alle tilsette og frivillege i kommunane. Vald i nære relasjonar kan vere utfordrande å oppdage. Derfor skal handlingplanen fungere som ein rettleiar med informasjon om kva teikn ein kan sjå etter, og korleis ein kan handle i ulike situasjonar.

Handlingsplan:

Askvoll kommune sin handlingsplan i høve til vald i nære relasjonar kan du sjå ved å klikke på lenka nedanfor.

Vald i nære relasjonar - handlingsplan 2018 - 2022 (PDF, 2 MB)