Plan for førebyggjande arbeid

Askvoll kommunestyre vedtok 28. mai 2025 «Plan for førebygging av omsorgssvikt og åtferdsvanskar i Askvoll kommune 2025–2029». Planen skal styrkje tidleg innsats og samordning av tenestene for barn, unge og familiar.
 

Kort om planen og planarbeidet

Planen er utarbeidd som del av oppfølginga av barnevernsreforma og lovkravet i barnevernslova § 3-1 om at kommunestyret skal vedta ein plan for kommunen sitt førebyggande arbeid. Målet er å førebyggje omsorgssvikt og åtferdsvanskar, og å sikre betre samhandling mellom tenester som møter gravide, barn og unge, og deira føresette.

Planen er todelt:

  • Del 1 skildrar bakgrunn og lovgrunnlag, utfordringsbilete, mål og tre prioriterte innsatsområde.
  • Del 2 er ein handlingsdel med tiltak på tre nivå: universell førebygging (grønt nivå), selektiv førebygging (gult nivå) og indikert førebygging (raudt nivå).


Planarbeidet starta i ein interkommunal prosess i HAFS-kommunane frå 2022, og vart vidareutvikla lokalt i Askvoll gjennom ei tverrfagleg arbeidsgruppe med representantar frå oppvekst, helse, psykisk helse, NAV og sentraladministrasjonen. Planutkastet var på offentleg høyring våren 2025.

Handlingsplan

Askvoll kommune sin plan for førebygging av omsorgssvikt og åtferdsvanskar kan du lese ved å klikke på lenkene nedanfor.

Plan for førebygging av omsorgssvikt og åtferdsvanskar 2025–2029 (PDF, 652 kB)

Handlingsdel - Vedtak i KOM032-25.pdf (PDF, 140 kB)