Ergoterapi

Menneske i alle aldersgrupper, som grunna skade, sjukdom, funksjonsvanskar eller andre livsendringar, har vanskar med å meistre eigen kvardag, kan få tilbod om ergoterapi. 

Korleis få kontakt med ergoterapeut.

Du kan ta kontakt per telefon, eller ved å henvende seg direkte på besøksstad. Ergoterapeuten tek òg imot tilmeldingar frå fastlegar, sjukehus og andre. Du kan òg ta kontakt på e-post, men hugs å ikkje sende sensitiv informasjon.

Besøksstad.

Ergoterapeuten har kontor i Sentrumsgarden.

Ergoterapeuten sitt tilbod.

Ergoterapeuten tilbyr ulike formar for oppfølging, mellom anna:

  • Rehabilitering og annan oppfølging i institusjon
  • Kartlegging av bustad / heimebesøk
  • Vurdering, tilpassing og oppfølging av hjelpemiddel
  • Bustadrådgjeving
  • Kvardagsmeistring og funksjonskartlegging
  • Velferdsteknologiske løysingar

 

Glenn André Lammetun Vilnes
Ergoterapeut
E-post
Telefon 57 73 45 17
Mobil 94 80 34 24