Helsestasjon 0 - 5 år

Helsestasjonen er ein del av kommunen sitt helsefremmande og førebyggande arbeid retta mot gravide, barn 0 – 5 år og foreldra deira.

Helsestasjonen jobbar for å fremme born si psykiske og fysiske helse, fremme gode sosiale og miljømessige forhold, samt førebygge sjukdom og skade. Helsestasjonen følgjer opp barn og familien deira etter fastsett program frå Helsedirektoratet, med særleg vekt på barnet si fysiske og psykososiale utvikling.

På helsestasjonen i Askvoll jobbar det helsesjukepleiar, jordmor og lege. Lege er tilgjengeleg ved helsestasjonen kvar torsdag.

Helsestasjonen er eit gratis lågterskeltilbod der foreldre kan henvende seg med små eller store utfordringar. Det betyr at du kan ta kontakt eller møte opp på helsestasjonen utanom faste avtaler. Vi legg vekt på ulike tema etter alder på barnet, men foreldra sine spørsmål og behov er sentralt i konsultasjonen. Sjå konsultasjonsplan for barn 0 - 5 år her.

Du kan be om tolk via telefon dersom du har behov for det.

Kom gjerne innom helsestasjonen for vektkontroll utan timeavtale.

Den første kontakta

Når du har født eit barn vil jordmor/ helsesjukepleiar ta kontakt med deg for å avtale tid for heimebesøk. Du er velkomen til å ta kontakt med helsestasjonen om du har spørsmål, eller dersom helsestasjonen ikkje tek kontakt med deg i løpet av dei første dagane etter heimkomst. Vi oppfordrar også alle nytilflytta barnefamiliar om å ta kontakt med helsestasjonen.

Samarbeid med andre instansar

Helsestasjonen skal i eit tverrfagleg samarbeid bidra til å styrke foreldra si meistring av foreldrerolla, og fremme barn sitt lærings- og utviklingsmiljø.

Dersom barnet har behov for oppfølging eller vurdering frå andre instansar, kan aktuelle samarbeidspartnerar vere barnehage, skule, fastlege, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), fysioterapeut, barne- og ungdomspsykiatrien (BUP), kommunal psykisk helseteneste eller barnevern.

Helsesjukepleiar er ofte involvert i oppfølging av barn som treng langvarige og koordinerte tenester.

Nyttige nettressursar:

10 smarte tips til alle småbarnsforeldre

Ammehjelpen

Hvordan du ammer ditt barn- noen råd den første tiden

Mat og måltid for spedbarn

Barns miljø og sikkerhet 6 måneder – 2 år

Barns miljø og sikkerhet  2 år – 4 år

Barns miljø og sikkerhet  4 – 6 år 

Når barnet skadar seg, råd om førstehjelp

Barnevaksinasjonsprogrammet

Kosthald og ernæring

I trygge hender

Sikring av barn i bil

Sky ilden

Trygt sovemiljø for spedbarnet

Tips til deg med barn

Besøksadresse:

Askvoll Helsestasjon

Helsehuset

Prestemarka 1

6980 Askvoll

Postadresse:

Askvoll Helsestasjon

Postboks 57, 6988 Askvoll.

Åpningstider

Måndag, tysdag, torsdag og fredag kl. 08.00 - 15.00.  Helsestasjonen er førebels stengt på onsdagar.

Ingunn Fonn Reiakvam
Leiande helsesjukepleiar
Helsestasjon
E-post
Telefon 57 73 46 16
Mobil 48 10 61 56