Foreldrerettleiing

Å vere foreldre kan ofte kjennast som både verdas mest givande, men og vanskelegaste jobb. Barnet ditt blir ikkje fødd med bruksanvisning, og det kan vere vanskeleg å vite korleis ein skal handtere ulike situasjonar. 

Kanskje barnet ditt lett blir sint, redd, har vanskar med søvn eller matinntak?

Helsestasjonen tilbyr foreldrerettleiingsprogram som ICDP og «Vær med meg - følelsestrening».

ICDP er forkorting for – International Child Development som rettar seg mot alle føresette og profesjonelle omsorgspersonar som skal styrkje din eiga omsorgskompetanse. ICDP sin filosofi er at den beste måten å støtte barnet på er å tryggje og bevisstgjere barnet sine omsorgspersonar.

ICDP si målsetjing er:

  • Å fremje den positive oppfatninga av og haldning til barnet.
  • Å påverke føresette si forståing av kor viktig sensitivt samspel mellom omsorgsgjevar og barnet er for barnet sin utvikling.
  • Å fremje føresette si oppfatning av seg sjølv som kompetent og meistrande.

Kurset er sett saman av åtte samlingar. Kvar samling tar to timer.

 

Vær med meg - følelsestrening


Dette er eit foreldrekurs med fokus på tilknytning og emosjonsfokusert samspel med trygghetssirkelen (Circle of Security) som utgangspunkt. Dette er eit kurs som hovudsakleg er retta mot småbarnsforeldre (0-6 å) med fokus på det å vere gode nok foreldre, og på å auke føresette sin sensitivitet og nysgjerrigheit i samspel med barnet. Kurset har varighet på 3 møter x 3 timar.

Tema i kurset:

  • Barnets behov for støtte til utforskning fra si trygge base
  • Barnets behov for omsorg, beskyttelse og nærhet fra si trygge havn
  • Barnets behov for regulering av følelser
  • Ulike emosjonelle / følelsesmessige foreldrestiler
  • Barnets veiledende og villedende signal, «haimusikk» og foreldrenes trygghetssirkel

 

Det er ikkje satt opp gruppetilbod, men ta kontakt med helsesjukepleiar eller jordmor ved interesse og evt ønskje om individuell rettleiing.