OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er ei forlenging av helsestasjonsarbeidet, og skal bidra til god helse blant barn og ungdom, slik at dei opplev meistring, trivsel og struktur i skulekvardagen.

Alle elevar i grunnskule og vidaregåande skule har rett på skulehelseteneste. Skulehelsetenesta i Askvoll kommune omfattar elevar i grunnskulen frå 1.-10. klasse.

Tilbodet er gratis og dei tilsette har teieplikt.

Helsesjukepleiar har fast kontortid ved kvar enkelt skule i kommunen:

Askvoll skule    
Margot Ryum, mobil: 476 93 636, e-post: margot.ryum@askvoll.kommune.no
Måndagar 08:00 – 15:00, tysdagar 12:00 – 15:00, torsdagar 08:00 – 15:00

Atløy skule
Ingunn Reiakvam, mobil: 481 06 156, e-post: ingunn.reiakvam@askvoll.kommune.no
Tysdagar 10:15 – 13:45

Holmedal skule
Margot Ryum, mobil: 476 93 636, e-post: margot.ryum@askvoll.kommune.no
Tysdagar 08:00-11:30

Gjelsvik skule
Ingunn Reiakvam, mobil: 481 06 156, e-post: ingunn.reiakvam@askvoll.kommune.no
Torsdagar 09:30-13:00

Bulandet skule    
Siv Storøy, mobil: 916 37 705, e-post: siv.storoy@askvoll.kommune.no
Tysdagar 08:00-12:30 (partalsveker)

Skulehelsetenesta gjev tilbod om blant anna:

- Helseundersøking og samtale, samt rettleiing for elevar, føresette og lærarar

- Høyrsel- og synstest

- Helseopplysning og undervisning

- Individuell oppfølging av elevar med spesielle behov

- Vaksinasjon ift barnevaksinasjonsprogrammet

- Miljøretta tiltak med fokus på elevane sitt arbeidsmiljø

- Deltaking i ansvarsgruppemøter, samarbeidsmøter og tverrfagleg samarbeid

Askvoll skulehelseteneste føl nasjonale retningslinjer frå Helsedirektoratet og har faste helseundersøkingar og samtaler, samt vaksinetidspunkt. I tillegg kjem helseundersøkingar og samtalar etter individuelle behov.

 

Nyttige videklipp og nettsider

 

Kort fortalt, ein serie på NRK for barn og ungdom med korte filmer om følelser, psykisk helse og typiske     utfordringar.

- Det heter ikke å snitche", ein liten YouTube-film frå Politiet til barn og ungdom om snitching

- Ung.no, kvalitetssikra informasjon til ungdom om alt dei lurar på

- Politiet sin hjelpeside for barn og unge som har blitt utsatt for seksuell utnyttelse på nett

 

Spel og sjølvhjelpsprogram

- Hjelpehånda, eit  spel der barn og unge kan lære om teknikkar for å meistre vanlege problem og situasjonar dei kan oppleve

 

- Ungspotlight, ei nettside med sjølvhjelpsprogram for ungdom 13-16 år som er redde for å snakke foran klassen

Samarbeid med foreldre og andre faggrupper

Elevar, foreldre og lærarar vert oppmoda om å ta kontakt dersom det oppstår noko som har innverknad på eleven si helse og trivsel. Helsesjukepleiar er avhengig av eit godt samarbeid med skulen og foreldra for å kunne fremje eleven si helse.

Dersom eleven har behov for oppfølging frå andre instansar, kan aktuelle samarbeidspartnarar vere skule, skulelege, fastlege, tannlege, fysioterapeut, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), barnevern, barne -og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), spesialisthelsetenesta.

Til toppen