Permisjon frå undervisninga

Føresette kan søke om at barnet deira får permisjon frå den pliktige opplæringa i inntil to veker.  Vil du som føresett ta barnet ut av skulen utover to verker, må du melde eleven ut av grunnskulen.

Permisjon frå opplæringa

  • Kontaktlærar kan gje ein elev fri inntil 3 skuledagar.
  • Rektor kan gje ein elev fri inntil 10 skuledagar.
  • Dersom fri utover 10 skuledagar, må det sendast søknad til oppvekstsjefen.

 

Slik søker du:

Søknader om fri for ein elev må vere grunngjeven, og sendt i god tid før permisjonen.
Du søker via Visma Flyt Skule om permisjon frå undervisninga. Som føresett kan du logge inn via ID-porten (BankID, MinID, Commfides eller Buypass).


Søk om permisjon frå undervisninga
 

Reglar for skulefri inntil to veker

Det er rektor på skulen som avgjer søknaden om permisjon. Permisjonen må vere fagleg forsvarleg og dei føresette må syte for at barna får nødvendig undervisning i permisjonstida. Barna skal altså kunne følgje med i undervisninga på vanleg måte når dei kjem tilbake.

Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere vekke frå skulen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. 

Høve til å få permisjon er heimla i opplæringslova § 2.11. 

Reglar for skulefri utover to veker

Dersom føresette vil ta eit barn ut av skulen i meir enn to veker, skal dei melde eleven ut av grunnskulen i det aktuelle tidsrommet. Eleven mistar retten til opplæring i utmeldingsperioden, og kommunen har ikkje lenger noko ansvar for opplæringa. No er det dei føresette som er ansvarlege for undervisninga etter lov og forskrift. Det er kommunalsjefen for skulane i kommunen som avgjer søknaden om skulefri utover to veker. 

I rundskriv 4/86 påpeikar utdanningsdirektøren at foreldra sitt ansvar for borna si undervisning må understrekast. Lova fastset opplæringsplikt og ikkje skuleplikt. Prinsipielt fell ansvaret for at borna får opplæring/undervisning over på foreldra når dei ber om å få ta borna ut av skulen.

Vi oppmodar om at elevane i minst mogeleg grad blir tekne ut av skulen utanom dei ordinære feriedagane. Dette gjeld for alle klassesteg. Stort fråvær kan føre til mindre læringsutbyte og såleis mindre kompetanse og måloppnåing for elevane. Permisjonar må planleggjast i god tid, og vi minner igjen om at skuleruta inneheld både haust- og vinterferie i tillegg til andre fridagar

Ulovleg fråvær

Dersom føresette held barnet vekke frå skulen lenger enn den tida dei har fått innvilga gjennom søknad om permisjon, vert dette rekna som ulovleg fråvær, jfr. opplæringslova § 2-1 siste avsnitt. 

Kristen Holt
Kommunalsjef oppvekst
Oppvekstetaten
E-post
Telefon 57 73 07 21
Mobil 99 44 60 68