Pedagogisk-psykologisk tenestekontor (PPT)

PPT for Ytre Sogn og -Sunnfjord er ei felles teneste for kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Solund og Høyanger.

Kva gjer PP-tenesta
 

PP-tenesta er sakkunnig instans i saker om spesialpedagogisk hjelp i barnehage. PP-tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd lovpålagte sakkunnige vurderingar. PP-tenesta skal bistå barnehagar i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling for å tilretteleggje barnehagetilbodet for barn med særlege behov.


PP-tenesta skal hjelpe skulen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. PP-tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det. Føremålet er at dei får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod.


Les meir om PP-tenesta på Utdanningsdirektoratet sine sider


Informasjon og dokument


Meir informasjon om tenesta og relevante dokument er tilgjengeleg på fellessida til PPT for Ytre Sogn og -Sunnfjord.

Berit Louise Bjørnsen
Leiar PPT
E-post
Telefon 57 71 15 74
Mobil 95 25 59 39