Pedagogisk-psykologisk tenestekontor (PPT)

PPT for Ytre Sogn og -Sunnfjord er ei felles teneste for kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Solund og Høyanger.


Kontakt og meir informasjon

Informasjon om tenesta og relevante dokument er tilgjengeleg på fellessida til PPT for Ytre Sogn og -Sunnfjord.

Kva gjer PP-tenesta

PP-tenesta er sakkunnig instans i saker om spesialpedagogisk hjelp i barnehage. PP-tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd lovpålagte sakkunnige vurderingar. PP-tenesta skal bistå barnehagar i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling for å tilretteleggje barnehagetilbodet for barn med særlege behov.

PP-tenesta skal hjelpe skulen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. PP-tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det. Føremålet er at dei får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod.

Les meir om PP-tenesta på Utdanningsdirektoratet sine sider

Berit Louise Bjørnsen
Leiar PPT
E-post
Telefon 57 71 15 74
Mobil 95 25 59 39