Inkluderande barnehage- og skulemiljø
Barnehagane i Askvoll kommune deltek i kompetanseheving for alle tilsette knytt til inkluderande barnehage- og skulemiljø, der målet er å førebygge, avdekke og handtere mobbing og krenking.
Askvoll kommune har inngått ei intensjonsavtale med Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger. Gjennom dette samarbeidet får barnehagane tilgang til forskningsbasert kunnskap, rettleiing og fagleg støtte. Avtalen stadfestar partane sin felles intensjon om å samarbeide kring eit utviklingsprosjekt som skal styrkje arbeidet med trygge og inkluderande læringsmiljø i barnehage og skule. Målet er å utvikle kompetanse, struktur og praksis som fremjar trygge og gode læringsmiljø for alle.
Trygt og godt barnehagemiljø
Alle barn i kommunen sine barnehagar har rett til eit trygt og godt barnehagemiljø som femjar trivsel, leik, læring og utvikling. Barnehagen skal vere ein stad der barna kjenner seg inkluderte, verdsette og frie frå krenkingar som mobbing, utestenging, vald eller diskriminiering. Denne retten er forankra i Barnehagelova kapittel VIII om Psykososialt barnehagemiljø.
Alle som arbeider i barnehagen skal melde ifrå til barnehagens styrar dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at eit barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø. Styrar skal melde ifrå til barnehageeigar i alvorlege tilfeller.
Barnehagen har, jamfør Barnehagelova §42, ei aktivitetsplikt som betyr at alle tilsette skal:
- Følgje med på korleis barna har det
- Gripe inn dersom dei ser eller mistenker at eit barn ikkje har det bra
- Varsle styrar ved bekymring
- Undersøke situasjonen i samarbeid med barnet og føresette
- Setje inn tiltak og følgje opp til barnet igjen har det trygt og godt
Tiltaka skal vere skriftlege, målretta og evaluerast jamleg.
Skjerpa aktivitetsplikt
Dersom ein tilsett mistenker eller får vite at ein annan tilsett har krenka eit barn - til dømes gjennom utestenging, mobbing, vald, diskriminering eller trakassering - skal dette straks meldast til styrar i barnehagen. Styrar skal deretter melde saka vidare til barnehageeigar.
Dersom mistanken gjeld styrar, skal den tilsette melde direkte til barnehageeigar.
Barnehagen skal setje i verk undersøkingar og tiltak etter barnehagelova §42 umiddelbart, og arbeidet skal halde fram til barnet igjen har det trygt og godt.
Kva kan du som føresett gjere?
Ta kontakt med barnehagen derom du er uroa for barnet sin trivsel, ser endringar i åtferd eller humør, eller lurer på korleis barnet har det i barnehagekvardagen. Barnehagen skal ta alle bekymringar på alvor.
Du kan kontakte kommunen dersom
- du meiner barnehagen ikkje følgjer aktivtetsplikta
- du opplever at bekymringa di ikkje blir teke på alvor
Elektronisk klageskjema til barnehagemynde finn du nederst på denne sida.
Du kan lese meir om inkluderande barnehage- og skulemiljø på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.
Barnehagefakta
Barnehagefakta presenterer relevant og påliteleg informasjon om norske barnehagar, og er primært retta mot foreldre som ønsker å orientere seg i barnehagetilbodet før dei skal søke barnehageplass.
Planar og lovverk
Alle barnehagar må følge nasjonale lover og planar. Kommunale barnehagar må også følge lokale planar.
Nasjonale lover og planar
Lokale planar og vedtekter
Klage på den pedagogiske verksemda i barnehagen
Kommunen ved barnehagemynde fører tilsyn med at barnehagen sitt pedagogiske tilbod er i tråd med Lov om barnehagar.
Som lokal barnehagemynde skal kommunen rettleia og sørgje for at heile barnehagesektoren i Askvoll blir driven i samsvar med gjeldande regelverk (jamfør barnehagelova § 10).
Lova pålegg kommunen å føre tilsyn med barnehagane i kommunen (jamfør barnehagelova § 53 om tilsynet til kommunen med barnehagane), og kommunen kan påleggje barnehagane å retta uforsvarlege eller ulovlege forhold.
Samfunnsmandatet til barnehagen er regulert gjennom Lov om barnehagar (barnehagelova) med forskrifter. Forskrift om Rammeplan for barnehagen fastset utfyllande føresegner om innhalda og oppgåvene til barnehagen.
Gjeld klaga/bekymringa forhold som omhandlar helsa til barna, miljø og tryggleik, må du ta kontakt med Folkehelseavdelinga.
Du bør som hovudregel ta opp bekymringa eller klaga med pedagogisk leiar eller styrer, før du eventuelt sender ho til barnehagestyresmakta. Å løysa ei sak på lågast mogleg nivå er formålstenleg for alle involverte partar.
Du kan òg ta opp generelle problemstillingar i samarbeidsutvalet til barnehagen (SU).
Dersom dette ikkje løyser problemstillinga, kan du kontakta barnehagemynde.
Det er oppgåva til barnehagen å ta vare på behovet til alle barn for omsorg, leik, læring og danning i samarbeid med heimen til barnet. Personalet i barnehagen skal møta barn og foreldre med tillit og respekt. Personalet skal bidra til trivsel og glede i leik og læring, og barnehagen skal vere ein utfordrande og trygg stad for vennskap og fellesskap.
Her er nokre døme på tema som kan vera bakgrunn for klage/bekymring:
- uheldig samspel mellom barn
- barn som over tid ikkje deltek i leik
- vanskeleg samarbeid med barnehagen
- manglande informasjon om barnet ditt
- manglande pedagogisk innhald
- den manglande moglegheita for barn til å påverke barnehagekvardagen sin
- lite utfordrande og stimulerande leike- og læringsmiljø både ute og inne
- stor utskifting av personalet over tid
- klaga på helse, miljø og tryggleik for barnehagebarn (sjå Folkehelseavdelinga si nettside)
Du kan klage eller sende ei bekymringsmelding ved å sende elektronisk skjema som du finn på denne sida.
Innhaldet i bekymringsmeldingar blir formidla til barnehagen når barnehagemynde undersøkjer saka.
Ønskjer du at namn og opplysningar blir anonymisert, må du skrive dette tydeleg i bekymringsmeldinga.
E-postar kan ikkje innehalde personopplysningar. Bruk derfor klageskjemaet nederst på denne sida.
Har du spørsmål til utfylling av klageskjemaet, send ein e-post til laila.merete.blom@askvoll.kommune.no
Når barnehagemynde får klaga, vurderer vi først om innhaldet er omfatta av barnehagelova med forskrifter. Saksgangen følgjer prinsippa i forvaltningslova.
Dersom klaga di inneheld teiepliktige opplysningar, vil saka får fritak frå offentleg innsyn. Dette hindrar ikkje at saka kan komma i media, men all sensitiv informasjon blir fjerna.
Vurderer barnehagemynde å føre tilsyn, har barnehagen som part i saka rett til å bli gjord kjent med innhaldet i klaga. Etter tilsynet får barnehagen ein rapport. Avdekkjer barnehagemynde brot på barnehagelova og forskrifter, vil barnehagen få varsel om pålegg om retting. Du som klagar vil bli orientert om utfallet i saka.
Askvoll kommune har som mål at informasjonstryggleik og personvern skal være ein naturlig del av verksemda vår. Les meir om korleis kommunen handterer personopplysingar.