Klage

Klage på den pedagogiske verksemda i barnehagen

Kommunen ved barnehagemynde fører tilsyn med at barnehagen sitt pedagogiske tilbod er i tråd med Lov om barnehagar.

 

Klageskjema

 

Klage på ein tilsett

Det er skjerpa aktivitetsplikt dersom ein som arbeider i barnehagen, krenkjer eit barn. Barnehagelova seier at "Dersom ein som arbeider i barnehagen, får mistanke om eller kjennskap til at ein annan som arbeider i barnehagen, krenkjer eit barn, til dømes ved utestenging, mobbing, vald, diskriminering eller trakassering, skal vedkomande straks melde frå til styraren i barnehagen. Styraren skal melde frå til barnehageeigaren.

Dersom ein som arbeider i barnehagen, får mistanke om eller kjennskap til at styraren i barnehagen krenkjer eit barn, til dømes ved utestenging, mobbing, vald, diskriminering eller trakassering, skal vedkomande melde frå direkte til barnehageeigaren.

Undersøkingar og tiltak etter § 42 tredje og fjerde ledd skal setjast i verk straks." (Lenke til tolkinga hjå Udir)

 

Skjema for klage på tilsett