Praktisk informasjon

Presentasjon og praktisk informasjon

Barnehagen sitt samfunnsmandat er å tilby barn under opplæringspliktig alder eit omsorgs- og læringsmiljø som er til det beste for barnet. Den skal både vere ei pedagogisk verksemd og eit velferdstilbod for småbarnsforeldre. Barnehagen skal støtte og ta omsyn til det einskilde barn, samstundes som omsynet til fellesskapet skal takast i vare.

Opningstider

Holmedal barnehage er open 11 månader i året. Barnehagen er stengt i alle helgar og høgtidsdagar. Den daglege opningstida er 07.15 til 16.30. 

Dagsrytme

Barnehagen opnar kl. 07.15, og det blir servert frukost frå kl. 08.00 til 08.30 for dei som ønskjer det.

Gjennom dagen har barna samlingsstund, leik og planlagde aktivitetar både inne og ute. Vi legg til rette for gode måltid, kvile for dei som treng det, og rike moglegheiter for utforsking, læring og sosialt samspel.

På ettermiddagen samlast barna til fruktmåltid før vidare leik ute eller inne, avhengig av årstid og vêr.

Barnehagen stenger kl. 16.30.

Tidspunkt og aktivitetar kan variere noko ut frå alder, behov, årstid og vêrforhold. Meir detaljerte rutinar for den enkelte avdelinga får føresette informasjon om på avdelinga barnet går på.

Levering og henting

Når du leverer eller hentar barnet, må du hugse å seie frå til ein i personalgruppa. 
Gi beskjed til barnehagen dersom nokon andre enn foreldra skal hente barnet. Om du ynskjer at nokon skal kunne hente barnet ditt utan at du gir spesifikt beskjed kvar gong, kan du legge dei til her: Visma Flyt Barnehage
(husk å legge til adresse på den som skal hente, obligatorisk)

Måltid

Barnehagen serverer frukost, lunsj og frukt.  
 

Matpengar

100% plass:  kr 425,- pr mnd 
80% plass:    kr 340,- pr mnd 
60% plass:    kr 255,- pr mnd 
40% plass:    kr 170,- pr mnd 

Ofte stilte spørsmål

Artikkelliste