Presentasjon og praktisk informasjon

Barnehagen sitt samfunnsmandat er å tilby barn under opplæringspliktig alder eit omsorgs- og læringsmiljø som er til det beste for barnet. Den skal både vere ei pedagogisk verksemd og eit velferdstilbod for småbarnsforeldre. Barnehagen skal støtte og ta omsyn til det einskilde barn, samstundes som omsynet til fellesskapet skal takast i vare.

Opningstider

Bulandet barnehage er open 47 veker i året. Barnehagen er stengt i alle helgar og høgtidsdagar. Den daglege opningstida er 07.35 til 16.35. 

Dagsrytme

 

Dagsrytme på avdelinga

 

07.35 Barneehagen opnar
07.45  Frukost fram til 08.15
08.30  Frileik/aktivitet/ vi går ut
11.00  Formiddagsmat
12.00  Frileik/aktivitet/soving
14.00  Frukt og knekkebrød
14.30  Frileik/aktivitet/ vi går ut
16.35  Barnehagen stenger

Alle tider er ca. tider, utanom opning- og stengetider.  Vi går ut i frå denne dagsrytmen, men det finst mange variasjonar elt etter vertilhøve og korleis dagen elles utviklar seg.

 

Sommarbarnehage

I juli og august vil vi ha sommarbarnehage. Vi nyttar fine dagar ute, med vatnleik, turar, matpakke og masse frileik! Vi vil ikkje ha så mykje faste aktivitetar, vi vil blant anna ta pause frå gymsal desse månadene.  Førskulebarna har plass i barnehagen til skulestart.

 

Levering og henting

Når du leverer eller hentar barnet, må du hugse å seie frå til ein i personalgruppa. 
Gi beskjed til barnehagen dersom nokon andre enn foreldra skal hente barnet. 

 

Måltid

Barnehagen serverer frukost, lunsj og frukt.  
 

Matpengar

100% plass:  kr 350,- pr mnd 
80% plass:    kr 280,- pr mnd 
60% plass:    kr 210,- pr mnd 
40% plass:    kr 140,- pr mnd 

Ofte stilte spørsmål

 

Artikkelliste