Om Bulandet barnehage

Bulandet barnehage er ein ein-avdelings barnehage godkjend med 18 plassar for barn i alderen 1 - 6 år.  Barnehagen er samlokalisert med den nye delen av Bulandet skule på Halsøy og vart teken i bruk i 2003.

Vi har fokus på pedagogisk leiing og inkluderande miljø for omsorg, leik, læring og danning. Vi er godt i gong med å lage eit godt miljø for liten og stor, der barnehagen samarbeida tett med Bulandet skule og lærarane på småskuletrinnet. Fokuset er på førebygging, avdekking og handtering av mobbing samt sikre god overgang mellom barnehage og skule.  

Artikkelliste