Tilrettelagt tilbod i barnehagen for barn med nedsett funksjonsevne - Barnehagelova §37

Barn med nedsett funksjonsevne skal ha høve til å delta i barnehage på same måte som andre barn

Barnehagelova §2, tredje ledd, stiller krav til at barnehagen skal tilpasse tilbodet mellom anna ut frå barnet sitt funksjonsnivå. Dette betyr at barnehageeigar har ansvar for å sjå til at barn med nedsett funksjonsevne får eit barnehagetilbod i tråd med lova. Barnehageeigar sitt ansvar er likevel avgrensa til kva barnehagen kan gjere innafor dei ordinære rammene.

Kommunen skal sikre at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod, jamfør Barnehagelova § 37. Kommunen si tilretteleggingsplikt gjeld tiltak som er nødvendig for at barnet skal nyttiggjere seg plassen. Plikta gjeld barn med nedsett funksjonsevne som er busett i kommunen og som har barnehageplass.

Informasjon og rutiner om handheving av §37 i Barnehagelova  (PDF, 507 kB)

Meldeskjema

Meldeskjema for føresette

Melding om behov for kommunal tilrettelegging i barnehage, jfr §37 i Barnehagelova

Meldeskjema for barnehagen

Melding om behov for kommunal tilrettelegging i barnehge, jfr. §37 i Barnehagelova

Kristen Holt
Kommunalsjef oppvekst
Oppvekstetaten
E-post
Telefon 57 73 07 21
Mobil 99 44 60 68