For folkevalde

Her finn du informasjon for folkevalde, som t.d. lokale reglement og retningsliner, og skjema for bruk til krav om tapt arbeidsforteneste og refusjon av reiseutgifter

Møteportalen

I Møteportalen finn du innkallingar, sakspapir og protokollar til politiske møte. Du kan fremje forslag og finne kontaktinformasjon til politikarar.


For å komme inn i møteportalen, må du vere registrert folkevald og/eller har fått tilgang frå møtesekretær. Du loggar deg på via ID-porten/MinID. 

Innlogging til Acos møteportal

 

Reglement og retningsliner

Godtgjersle


Registrering av styreverv

For å sikre høg etisk standard i saksbehandlinga og å oppnå tillit blant innbyggjarane, er Askvoll kommune knytt til Styrevervregisteret. Folkevalde vert oppmoda til å melde inn opplysningar om verv som kan ha innverknad på habilitet. 

Registreringa av folkevalde, tilsette og styremedlemmer skjer på frivillig basis. 

Gå til portalen www.styrevervregisteret.no, menyval: «Logg inn for vervinnehavere» og vel «Logg inn med ID-porten til Direktoratet for Forvaltning og IKT (Difi)». Første gong du loggar inn, kan du bli spurt om e-postadresse. Denne legg du inn. Du vil deretter få ein e-post med ei personleg lenke. Følg denne lenka, og logg inn på nytt.

Sarah Louise Loftheim
Arkiv- og sekretariatsleiar
E-post
Telefon 57 73 07 06