"Korsundkrossen" - kommunevåpenet

Askvoll kommune fekk godkjent kommunevåpenet i 1990, 5 år etter samrøystes vedtak i kommunestyret

Historia bak kommunevåpenet

Kommunevåpen vart diskutert ved fleire høve, men først tidleg på 1980-talet vart det teke fatt i for alvor. Kåre Ness og Ragnar Bull laga fleire utkast til motiv. Saka vart drøfta i formannskapet og sendt til kulturstyret for vidare handsaming. I mai 1985 gjorde kulturstyret vedtak om 4 brukande utkast:

  • ”Den norske hesten”
  • ”Korsundkorsen”
  • ”Sparre”
  • ”Vikingskip”
  • helleristingsmotiv.

Riksantikvaren vart kontakta, og det var ein dialog om både heraldiske reglar og ledige motiv utover hausten. I oktober vart ein difor ståande att med ”Korssundkrossen” , teikna av Kåre Ness, som det beste motivet. Saka vart handsama i formannskap og kommunestyre. 

Vedtak

Samrøystes vedtak i kommunestyret, sak 131/85, vart:

”Kommunestyret vedtek at kommunevåpenet for Askvoll skal vere slik: På grøn botn i sølv ein utskrådd gjennombora kross (Korssundkrossen”).

Godkjenning i statsråd

Saka vart sendt fylkesmannen og gjekk sin gong i systemet der. Teikningar måtte finpussast og godkjenning på plass. I 1987 vart kommunevåpenet sendt over til Riksantikvaren og dei gav fråsegn i 1989. I statsråd 5. januar 1990 vart Askvoll kommune sitt kommunevåpen endeleg godkjent.

Lokal debatt

I desse dagar var kommunereguleringa mellom Askvoll og Fjaler eit aktuelt tema. Debatten gjekk både i politikken og i media om det var lurt å ha eit kommunevåpen der sjølve symbolet kom til å ligge i nabokommunen i framtida. I kommunevåpendebatten i Fjaler var ”Heileberget” inne som eit aktuelt motiv med same problemstilling – dette kom til å hamne i Askvoll.

Askvoll har ei rik forhistorie frå bronsealder og vikingtid. Det er steinkrossar også ved Vilnes kyrkje, og krossen er eit sterkt og tydleg symbol. Det var og eit viktig argument at ein hadde eit samlande symbol og heraldisk godkjent våpen i ”Korssundkrossen”.

Debatten om kommunevåpenet blussar opp med ujamne mellomrom. Historia til kommunevåpenet fortel om ein lang prosess og mykje debatt. ”Krossen” har i alle høve estetiske og heraldiske kvalitetar, og eit solid historisk fotfeste.

I overført meining kan den og symbolisere møtestad og midtpunkt – noko som vi alle ønskjer kommunen vår skal vere.

I dag er samarbeidet i regionen godt, og kanskje har det ein dobbel symbolikk at krossen i kommunevåpenet i Askvoll er fysisk plassert i Fjaler og opphaveleg hogd ut i Hyllestad?