Velforeiningane i Askvoll

Alle krinsar i Askvoll har eigen velforeining. Dei arbeider med saker som kan fremje næringsliv, kultur, fritidsaktivitetar og tiltak elles i krinsen. Velforeiningane skal fungere som samordnande organ som tek på seg oppgåver av allmenn interesse, enten på eige initiativ eller på oppmoding frå andre.

Bindeledd til kommunen

Velforeiningane er bindeledd mellom krinsane og kommunen. Dei skal vere representative og politisk uavhengige. I Askvoll vert velforeiningane i stor grad brukt til som høyringsinstansar og samarbeidspartar.

Innspel frå bygdene gjennom velforeiningane har stor tyngde. Vedtektene til foreiningane skal godkjennast av kommunen, og det er ein kommunal representant i styret. Kommunen yter eit årleg driftstilskot til velforeiningane i Askvoll kommune etter årsmeldinga og årsmøtereferat er lagt fram.

Stor variasjon

Dei ulike velforeiningane arbeider med ulike saker og på ulike måtar. Oppgåvene og prioriteringane vil variere over tid.

I Holmedal, Bulandet, Førdefjorden og på Atløy har velforeiningane tradisjonelt arbeidd med overordna lokalpolitiske spørsmål, og delteke i bygdeutviklingsprosjekt.

Stongfjorden Vel har arbeidd mykje med kulturminnevern og industrihistoria i bygda og hatt mange underkomitear som har utført praktiske oppgåver.

Værlandet Vel har eigar- og driftsansvar for ro-gavlen "Makrelen" og "Engelbua" og var aktiv medspelar i naturbruksprosjektet.

Værlandet vel og Bulandet grendalag vart i 2013 slått saman til Bulandet og Værlandet grendalag.

Askvoll Vel er den nyaste velforeininga i kommunen og har til no markert seg som ein viktig høyringsinstans i mange saker.
 

Styra i velforeiningane har ein representant med vara frå kommunestyret. I oversikten under står kven som valt av kommunestyret til styret i velforeiningane i Askvoll kommune.

Kommunale styremedlemer i velforeiningane 2019-2023
Velforening Medlem Varamedlem
Askvoll Vel Jan Arne Lilletofte Åse Karin Helle Loftheim
Atløy Vel Anja Grov Johnsen Julie O. Gabrielsen
Bulandet og Værlandet grendalag Arnt Henning Blom Astri Thorsen Landøy
Førdefjorden Vel Tormod Johansen Ådlandsvik Marit Klausen
Holmedal Vel David Charles Matheson Vilde Vårdal
Stongfjorden Vel Ingrid Rivedal Yndestad Kjell Kristian Carlsen

 

Kontaktinformasjon til dei einskilde velforeiningane, finn du i oversikten vår under frivillige lag og organisasjonar i Askvoll kommune.

Mangfald av frivilligheit

Mange av krinsane er samansett av fleire bygdelag. Det er ei rekke bygde- og grendalag i tillegg til velforeinignane med høg aktivitet og stort engasjement. Under lag og organisasjonar finn du ein oversikt og meir informasjon om frivillige aktørar i kommunen.