Du har rett til å kreve innsyn i offentlege dokument

Hovudregelen i offentleglova er at alle dokument er opne for innsyn, så lenge det ikkje er gjort unntak som er heimla i lov.

Brev inn til kommunen- og svar frå kommunen vert registrert i sak- og arkivsystemet vårt og publisert i den offentlige postlista på heimesida til Askvoll kommune.

Ikkje alle dokument er opne for innsyn

I Offentlegforeskrifta er det spesifisert ein del opplysningar som ikkje skal leggast ut i ein offentleg journal. 

Sjå offentlegforeskrifta § 7. jf §6 fjerde ledd om kva opplysningar som ikkje skal leggast ut i ein offentleg journal

 

Meirinnsyn

Sjølv om eit dokument kan haldast unna offentleggjering, skal kommunen vurdere om dokumentet likevel bør kunne gjerast kjent heilt eller delvis (meirinnsyn). 

Slik søkjer du om innsyn:

Krev du innsyn i saksdokument, må kravet gjelde ei bestemt sak, eller i rimeleg grad saker av ein bestemt art. Send ein e-post til kommunen for å kreve innsyn.

Sarah Louise Loftheim
Arkiv- og sekretariatsleiar
E-post
Telefon 57 73 07 06