Løn og ansiennitetsutrekning

For at du skal få riktig løn må du sørge at vi har all dokumentasjon vi treng for å berekne riktig ansiennitet og plassere deg i riktig stillingskode.

Dokumentasjon frå tidlegare arbeidsgjevar eller oppdragsgjevar skal innehalde:


•    Start og sluttdato
•    Stillingsprosent og stillingstype 
•    For ekstrahjelp/tilkallingsvikarer må timetalet vere spesifisert
Gjevne opplysningar som ikkje er dokumentert eller er mangelfullt dokumentert, iht. kulepunkt over, vil ikkje bli teke med i utrekninga.


Reglar for ansiennitetsutrekning


Ansiennitetsbestemmelsane er regulert av Hovedtariffavtala §12
Det er regelverket på tilsetjingstidspunkt som er gjeldande for ansiennitetsutrekninga. Følgjande reglar gjeld for arbeidstakarar som har starta i stillinga etter 30. april 2022.
•    Lønnsansiennitet vert rekna tidlegast frå fylte 18 år. 
•    Ansiennitetsdatoen vert fastsett til den 1. i tilsetjingsmånaden på grunnlag av godskrive lønsansiennitet. 
•    Det vert ikkje gjeve lønsansiennitet etter fleire bestemmelsar for same tidsrom. 
•    Lønnsansienniteten vert fastset ved tilsetjing. Dette gjeld også ved overgang til ny stilling hjå same arbeidsgjevar. Ved omgjering av stilling som følgje av utdanning og/eller endra arbeidsoppgåver behalde tidlegare fastsett lønsansiennitet. 
•    Søkjer du om å få godkjent tidlegare teneste på eit seinare tidspunkt, har du berre krav på å få dette godskrive frå det tidspunktet søknaden ble innsendt. 
•    Fagarbeidarar med avlagt fagprøve får verdiskapningsdelen av læretida medrekna etter fylte 18 år. Verdiskapningsdelen utgjer eitt år. 
•    Verneplikt godskrivast i lønsansienniteten 
•    Ved tilsetjing vert all tidlegare privat og offentleg teneste godskrive. Som privat teneste reknast også omsorgsarbeid med inntil 3 år. Ved tilsetjing i stilling utan særskilt krav om utdanning reknast også arbeid i heimen med inntil 6 år som privat teneste. Arbeid i heimen dokumenterast med oversikt over perioden du har vært heimeværende/fødselsattest på barn/bekrefting på pleie/stell av sjuke/gamle. 
•    For undervisningspersonale vert det godskrive offentleg teneste fullt ut i tillegg til all privat teneste etter fullført faglig og pedagogisk utdanning. 
•    Sjølvstendig næringsdrivande arbeid kan reknast som privat teneste dersom det blir levert inn godkjente attester som dannar grunnlag for gjennomsnittsutrekning av omfang. For å få dette godkjent må det lagast ei oversikt over kva periodar ein har hatt sjølvstendige oppdrag. Videre må det innleverast likningsattest som viser inntekt for tenesteperiodane, og ei bekrefting på bransje frå brønnøysundregisteret 
•    Fråvær utan løn i samband med foreldrepermisjon eller videreutdanning medregnes med inntil samlet 2 år i lønnsansienniteten 
•    Lønnsansiennitet beregnes ikke forholdsmessig. Har du for eksempel jobba i 20 prosent stilling i 2 år, vert godskrive denne tenesten med 2 år. 
•    Ansiennitetsbestemmelsene gjelder tilsvarande for deg som jobbar som ekstrahjelp/timelønna som over ein periode på ½ år har vært i teneste i gjennomsnitt 14 timer eller meir pr. uke.


 

Artikkelliste

Tova Kjæmpenes
HR-sjef / beredskapskoordinator
E-post
Telefon 57 73 07 03
Mobil 91 12 83 90