Organisering av beredskapsarbeidet i Askvoll kommune

 

Beredskapsrådet i Askvoll kommune

Beredskapsrådet er kommunen sitt samarbeidsorgan i beredskapsspørsmål mellom kommunale/statlege myndigheiter og frivillige organisasjonar på kommunenivå. Beredskapsrådet er tenkt å vere eit forum for gjensidig informasjonsutveksling om beredskapsmessig ståtus i kommunen vår.

Beredskapsrådet sine oppgåver er å:

  • gje gjensidig informasjon om beredskapstilhøve
  • gje råd til myndigheiter med avgjerslemynde på kommuneplan
  • inngå avtalar om samarbeid
  • finne felles løysingar
  • ta initiativ til samlingar knytt til beredskap

Krise- og beredskapsleiinga i Askvoll kommune

Ved ei omfattande ulykke eller katastrofe skal ordførar/ kommunedirektør setje krisestab. Beredskapsleiinga skal i utgangspunktet berre bestå av personar tilsett i kommunen. Den kommunale beredskapsleiinga er ein overordna funksjon og beredskapsleiinga skal ikkje delta på skadestaden. Beredskapsleiinga vil vere dei som i augeblikket har det kommunale ansvaret for å lede krisen. Det skal i utgangspunktet vere organisasjonen si ordinære leiing som også fungerer som beredskapsleiing. I ei krise må det ikkje herske tvil om kven som er leiaren. Det vil seie at kan krisa handterast utan at det vert sett stab, er det verksemda si ordinære leiing som leiar krisearbeidet, evt. med ekstra ressursar stilt til rådvelde gjennom kommunedirektøren. Kommunedirektør og ordførar avgjer om det skal settast krisestab.

I akuttfasen vil det normalt vere overbefal i brann- og redningstenesta eller LRS.

I ei større hending vil normalt kommunen si toppleiing bli innkalla og etterkvart overta leiinga.

Dersom det i Askvoll kommune oppstår ein ekstraordinær situasjon som følgje av utbrot av smittsam sjukdom eller større ulukke der det vert behov for:

  1. organisering av informasjon,
  2. koordinering av tiltak retta mot pårørande, og dei som vert direkte råka av krisa

- vil beredskapsleiinga bli kalla inn og samla på rådhuset. Beredskapsleiinga kan ved behov og utifrå situasjonen utpeike andre til å gå inn i beredskapsleiinga.

Kommunen vil både varsle og gje informasjon om krisa til publikum gjennom media, telefon (sentralbord), internett og Varsling24 (befolkningsvarsling/SMS).

Psykososialt kriseteam (felles for alle beredskapsplanar)

Psykososialt kriseteam – ”Kriseteamet” er sett saman av personell frå helse, pleie og omsorg, NAV, oppvekst samt sokneprest og har 9 medlemmar inkl. leiar. Kriseteamet skal samordne den psykososiale innsatsen som trengs i ein krisesituasjon og sikre at dei som hendinga har råka – direkte, indirekte eller som innsatspersonell, får naudsynt oppfølging. Dette inneber å drive oppsøkande verksemd for å gje personar som er ramma ved kriser og ulukker tilbod om psykososial oppfølging.

Kriseteamet skal vere eit kontaktledd frå ei krise oppstår, til det etablerte behandlings- og omsorgstilbodet i kommunen kan ta over og følje opp på ein trygg måte, og kan vere aktivert frå timar til døgn avhengig av behovet.

Kriseteamet vert kalla ut ved behov av leiar i beredskapsleiinga.

Leiar av Kriseteamet er medlem av beredskapsleiinga.

Kriseteamet skal delta ved heilskaplege kommunale beredskapsøvingar.