Offentlege dokument knytt til risiko- og sårbarheitsanalyser og beredskapsplanverk

Offentlege dokument knytt til Risiko- og sårbarheitsanalyse for Askvoll kommune. 

Kommunen sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap

Askvoll kommune har eit grunnleggjande ansvar for å ivareta innbyggjarane sin tryggleik og sikkerheit. Dette ansvaret er lovfesta og gjeld innan alle kommunale oppgåver og tenester. Kommunen arbeider systematisk for tryggleik gjennom alle tenester. Alt frå helse- og omsorgstenester, skular, barnehagar, vedlikehald av infrastruktur, klimatilpassingstiltak og arealplanlegging er ein del av det førebyggjande arbeidet mot uønskte hendingar.

Kommunalt risikobilde

For å kunne førebyggje kriser og ha ein robust beredskap, må vi først vite kva som kan true kommunen vår. Det kommunale risikobildet er ei samla oversikt over risiko og sårbarheiter som ligg til grunn for både førebyggjande arbeid og beredskapsplanlegging.

Kommunalt risikobilde 2026 (offentleg versjon) (PDF, 6 MB)

Kommunalt risikobilete 2026 er eit revidert samandrag av AskvollROS 2025, vurdert opp mot aktuelt risikobilete nasjonalt og internasjonalt inneverande år. 

Kommuneplanen, med samfunnsdelen og arealdelen, dannar grunnlaget for strategien vår for ei trygg kommune med robust beredskap.

Kommuneplan

 

Overordna beredskapsplan

Beredskapen i Askvoll kommune er organisert for å kunne handtere uønskte hendingar på ulike alvorlegheitsgrad. Kommunen har kompetanse og materiell som er avgjerande i krisesituasjonar, blant anna innan helse, transport, sikkerheitstenester, drift av kritisk infrastruktur, tekniske tenester og eigedomsforvalting

I tillegg til den overordna beredskapsplanen har alle verksemder i kommunen eigne beredskapsplanar. Dette gjeld til dømes skular, barnehagar, helse- og omsorgstenester og tekniske tenester.

I ein krisesituasjon vil tenester som brannvesen og legevakt setje i gang akutt livreddande innsats. Skular, barnehagar og omsorgstenester har eigne planar for å kunne ivareta born og brukarar i ein krise. Verksemder med ansvar for kritisk infrastruktur, som til dømes vassforsyning, har system for kontinuerleg overvaking og kan setje inn tiltak umiddelbart dersom noko skjer.

 

Relevante lover og forskrifter:

Kommunen si beredskapsplikt er fastsett i sivilbeskyttelsesloven. I tillegg stiller fleire andre lover og forskrifter krav til kommunal beredskap, mellom anna: