Lokale beredskapspunkt

Vi  har faste oppmøtestadar i Askvoll kommune ved bortfall av telefon og om all anna kommunikasjon er nede.

Om straumen, telefonnettet og anna kommunikasjon forsvinn, kan innbyggarane ta kontakt med kommunen ved kommunedirektør eller ordførar for å få informasjon og anna hjelp.

Det kan oppstå situasjonar der det ikkje er mogleg for kriseleiinga å fysisk vere tilstades der det skjer ei krisehending i kommunen. 

For å handtere det som skjer lokalt, vert det derfor oppretta lokale beredskapspunkt (BP), sjå oversikt nedanfor, der det vil vere personar som er representantar for kriseleiinga. Det vil komme informasjon via SMS/e-post/talemelding telefon ut til alle innbyggjarane dersom dette er aktuelt.

Ved kvar av desse beredskapspunkta, er det og planlagt eigne evakuerings- og pårørandesenter. Det er tilgjengeleg fleire EPS (evakuerte og pårørande-senter) enn det som er lista opp nedanfor, men dei vert berre aktivert av krise- og beredskapsleiinga ved kommunedirektør og ordførar, dersom det er trong for det. Det vil verte informert om dette på same vis som nemnd ovanfor.

Overordna beredskapspunkt

  • Askvoll rådhus
  • Gjelsvik skule
  • Atløy kulturhus
  • Bulandet skule
Tova Kjæmpenes
HR-sjef / beredskapskoordinator
E-post
Telefon 57 73 07 03
Mobil 91 12 83 90