Eigenberedskap

Eigenberedskap handlar om å vere førebudd på å møte uventa situasjonar. Jo fleire som er i stand til å ta vare på seg sjølv og hjelpe andre ved ei hending, jo betre rusta står vi som samfunn.

Om vi blir ramma av ein stor hending eller krise er det mange som treng hjelp. Ved å vera førebudd bidreg du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg.

DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) har utarbeidd konkrete råd for alle innbyggjarar som du kan lese på sikkerhverdag.no. Her finn du blant anna forslag til eit beredskapslager for å klara seg heime i minst tre døgn (72 timar).

Kva meinar vi med ei krise?

Ei krise oppstår når vi ikkje lenger har tilgang til tenester og funksjonar vi er avhengige av.

Eksempel kan vere:

  • Straumen er vekke i fleire dagar
  • Mobilnettet sluttar å virke
  • Vatnet er ureina eller stengt
  • Du kjem deg ikkje heimafrå fordi vegen er sperrra
  • Butikken har ikkje dei varene du treng
  • Du må vente på hejlp fordi mange er i samme situasjon

Ofte kan ei krise skuldast store mengder nedbør, sterk vind eller tekniske problem. Slike situasjonar får alvorlege konsekvensar for heile samfunnet og for deg og din familie.


Ta ansvar for deg sjølv

Du er betre førebudd om du har tenkt igjennom korleis ein krisesiturasjon kan påverke deg, familien din og dei rundt deg.

Du bør tenkje igjennom:

  • Kva kriser kan ramme deg?
  • Korleis vil slike kriser påverke deg? 
  • Korleis blir du varsla om ei krise og korleis kan du skaffe deg informasjon om det som skjer
  • Korleis kan du klare deg selv eit par dagar?
  • Kva kan du ikkje klare deg utan kvar dag (for eksempel medisinar, hjelpemiddel) – og finst det nokon brukbare alternativ?
  • Er nokon avhengige av di hjelp? Det kan være familien, foreldre, naboar, vennar eller kjæledyr. 
  • Korleis kan du hjelpe andre?
  • Kva gjer du om du må evakuere?
     

Gjer enkle førebuingar heime

Det skal ikkje mykje til for at du og din familie skal kunne klare dykk sjølv i minst tre dagar. Mykje av det du treng har du kanskje allereie.

Dette er dei grunnlegande behova som må dekkast dei første tre døgna av ei krise:

  • varme
  • drikke
  • mat
  • legemiddel
  • hygiene og sanitær
  • informasjon ved ei krise

Sjå korleis du kan dekke dei grunleggande behova i tre døgn på sikkerhverdag.no