Løn og ansiennitetsutrekning

For at du skal få riktig løn må du sørgje for at vi har all dokumentasjon vi treng for å utrekne riktig ansiennitet og plassere deg i riktig stillingskode
 

OBS! Det er regelverket på tilsettingstidspunktet som er gjeldande for ansiennitetsutrekninga. 

Løn og ansiennitetsutrekning

Dokumentasjonen frå tidlegare arbeidsgjevarar eller oppdragsgjevarar skal innehalde:

  • Start og sluttdato
  • Stillingsprosent og stillingstype
  • For ekstrahjelp/tilkallingsvikarar må timetalet vere spesifisert

Oppgjevne opplysningar som ikkje er dokumentert eller er mangelfullt dokumentert, iht. kulepunkta over, vert ikkje tekne med i utrekninga.

Reglar for utrekninga

Ansiennitetsføresegna er regulert av Hovedtariffavtalen §12

Det er regelverket på tilsettingstidspunktet som er gjeldande for ansiennitetsutrekninga. Følgjende reglar gjeld for arbeidstakarar som har tiltredd stilling etter 30. april 2022.

  • Lønsansiennitet reknast tidlegast frå fylte 18 år.
  • Ansiennitetsdatoen fastsettast til den 1. i tilsettingsmåneden på grunnlag av godskrive lønsansiennitet.
  • Det vert ikkje gjeve lønsansiennitet etter fleire føresegn for same tidsrom.
  • Lønsansienniteten vert fastsett ved tilsetting. Dette gjeld òg ved overgang til ny stilling hjå same arbeidsgjevar. Ved omgjering av stilling som følgje av utdanning og/eller endra arbeidsoppgåver beheld du tidligare fastsett lønsansiennitet.
  • Søkjer du om å få godkjent tidlegare teneste på eit senere tidspunkt, har du berre krav på å få dette godskrive frå det tidspunktet søknaden blei fremma.
  • Fagarbeidar med avlagt fagprøve får verdiskapningsdelen av læretida medrekna etter fylte 18 år. Verdiskapningsdelen utgjer eit år.
  • Verneplikt vert godskrive i lønsansienniteten
  • Ved tilsetjing godskriv ein all tidlegare privat og offentleg teneste. Som privat teneste reknast òg omsorgsarbeid med inntil 3 år. Ved tilsetjng i stilling utan særskilt krav om utdanning reknast òg arbeid i heimen med inntil 6 år som privat teneste. Arbeid i heimen kan dokumenterast med oversikt over perioden du har vore heimeverende/fødselsattest på born/bekrefting på pleie/stell av sjuke/gamle.
  • For undervisningspersonale godskriv ein offentleg teneste fullt ut i tillegg til all privat teneste etter fullført fagleg og pedagogisk utdanning.
  • Sjølvstendig næringsdrivende arbeid kan reknast som privat teneste dersom det vert levert inn godkjende attestar som dannar grunnlag for gjennomsnittsutrekning av omfang. For å få dette godkjent må det lagast ei oversikt over kva perioder ein har hatt sjølvstendige oppdrag. Videre må det innleverast skattemelding som viser inntekt for tenesteperiodane, og ei bekrefting på bransje frå brønnøysundregisteret
  • Fravær utan løn i samband med foreldrepermisjon eller videreutdanning reknast med inntil samla 2 år i lønsansienniteten
  • lønsansiennitet utreknas ikkje forholdsmessig. Har du til dømes jobba i ei 20 prosent stilling i 2 år, vert denne tenesten godskrive med 2 år.
  • Ansiennitetsføresegna gjeld tilsvarande for deg som jobbar som ekstrahjelp/timeløna som over ein periode på ½ år har vore i teneste i gjennomsnitt 14 timer eller meir pr. veke.

Lønsansiennitet - søknad/godkjenning

(den tilsette fyller ut skjema for lønsansiennitet sjølv)