Alle tilsette i Askvoll kommune har 25/30 dagers ferietrekk. 21 feriedagar (25 virkedagar) er heimla i ferielova, medan dei resterande 4 feriedagane (5 virkedagene) er heimla i HTA (avtalefesta ferie). Totalt vert dette 25 feriedagar (30 virkedagar) som er fem veker. Tilsette som tiltrer innan og seinast 30. september i ferieåret har rett til full ferie. Dersom ein tilsett tiltrer etter 30. september, har han rett til ferie i 5 feriedagar (6 virkedagar samt HTA sine 4 feriedagar – dvs 9 feriedagar). Rett til ferie i ny stilling forutset at det ikkje er avvikla full ferie hos førre arbeidsgjevar.
Det er den tilsette og leiars ansvar å melde inn om det ikkje skal vere fullt ferietrekk på juniløna.
Opptjening av feriepengar
Om opptjening av feriepengar er mindre enn ferietrekket, vil ein få mindre enn ei månadsløn til utbetaling. Dei som ikkje har opptjente feriepengar hjå oss frå i fjor vil ende opp med negativ løn. Vidare vil dette komme som trekk på juliløna. Feriepengar frå tidligare arbeidsgjevar skal dekke dette bortfallet, dvs opptening hos anna arbeidsgivar gir plikt til å ta ut ferie.
Arbeidsgjevar kan ikkje krevje at arbeidstakar tar ut meir ferie enn det vedkommande har tent opp feriepengar for. Dette vil for eksempel gjelde arbeidstakarar:
- Utan full opptening av feriepengar pga oppstartspunkt i stilling førre år eller varig auke i stillingsprosent.
- Over 60 år der 6G ikkje fullt ut kompenserer lønnsbortfallet under ferien.
Her er det imidlertid to unntak:
- Drifta vert heilt eller delvis innstilt i samband med ferieavvikling.
Då kan alle arbeidstakarar som dette vedkjem, påleggjast å avvikle ferie av same lengde uavhengig av opptening av feriepengar. - Arbeidstakar har motteke feriepengar hos ein annan arbeidsgjevar.
Har arbeidstakar fått feriepengar hos ein anna arbeidsgjevar før han tok til i ny stilling, har arbeidstakaren plikt til å ta ut ferie sjølv om desse feriepengane er brukt opp. Då skal desse takast med i reknestykket.
Undervisningspersonale som begynner sitt første yrkesår, utbetales full løn i ferietida forutsett at samla opptjente feriepengar vil gje lavare utbetaling. Med samla opptjening meinast det all opptjente feriepengar frå alle arbeidsgivara i f.eks studietida m.m. Dette forutset at vedkommande er tilsett for minst 1 år.
Feriepengar er ikkje skattefrie, men utbetalast trekkfritt i juni. Det er lovfesta 4 veker og 1 dag som er tilsvarande 1 månadsløn, samt avtalefesta 4 dager etter KS Hovudtariffavtalen.
Her er nokre døme på ulike feriepengeutbetalingar på juniløna:
Kari har ei månadsløn på kr 30 000 og opptente feriepengar kr 0. Ho arbeidar 5 dagar i veke og skal ha fult ferietrekk på 25 arbeidsdagar/5 veker.
Brutto månadsløn | Kr 30 000 |
Feriepengar 12 % av feriepengegrunnlaget | Kr 0 |
Trekk for 25 feriedagar med løn. Bruttoløn * 30/26 | Kr - 34 615 |
Brutto løn i juni | Kr – 4 615 |
Lise har ei månadsløn på kr 30 000 og opptente feriepengar frå anna arbeidsgjevar som skal dekke inn for ferietrekket. Du vil ikkje få utbetalt løn frå Sunnfjord Kommune i juni, og bruttoløn på -4615 kr vil bli trekt på juli-løna. Ho arbeidar 5 dagar i veke og skal ha fult ferietrekk på 25 arbeidsdagar/5 veker.
Brutto månadsløn | Kr 30 000 |
Feriepengar 12 % av feriepengegrunnlaget | Kr 0 |
Trekk for 25 feriedagar med løn. Bruttoløn * 30/26 | Kr - 34 615 |
Brutto løn i juni | Kr – 4 615 |
Per har ei månadsløn på kr 30 000 og opptente feriepengar kr 38 000. Han arbeidar 5 dagar i veke og skal ha fult ferietrekk på 25 arbeidsdagar/5 veker.
Brutto månadsløn | Kr 30 000 |
Feriepengar 12 % av feriepengegrunnlaget | Kr 38 000 |
Trekk for 25 feriedagar med løn. Bruttoløn * 30/26 | Kr - 34 615 |
Brutto løn i juni | Kr 33 385 |
Arbeidsplanen viser at Mona arbeider fulle arbeidsdagar 3 dagar i veka. Ho har ei bruttoløn på kr 24 000 og opptente feriepengar kr 29 000. Full ferie er 5 veker med 3 dager pr veke, dvs 15 feriedagar med løn.
Brutto månadsløn | Kr 24 000 |
Feriepengar 12 % av feriepengegrunnlaget | Kr 29 000 |
Trekk for 15 feriedagar med løn. 24000 * 12*15/(3*52) | Kr – 27 692 |
Brutto løn i juni | Kr 25 308 |
Ingrid har ei månadsløn på kr 80.000, opptente feriepengar er kr 115.200 + kr 22 080 for den ekstra ferieveka etter ordinært reknestykke. Feriepengegrunnlaget for den ekstra veka skal iflg. Ferieloven § 10.3 ikkje overstige 6 G. 6 G var pr. 1.5.2024 kr 744 168 og er her nytta i rekneeksempelet. Ingrid får full kvote 25 ordinære feriedagar og 4 ekstra dagar «Ferie med løn». Ingrid får også 1 dag kvote «Ferie utan løn»
| Brutto månadsløn juni | Kr 80 000 |
| Feriepengar (12 % av feriepengegrunnlaget) | Kr 115 200 |
| Feriepengar over 59 år: 2,3 % av feriepengegrunnlaget er kr 22.080, men maksimumsbeløp er 2,3 % av 6 G (pr. 1.5.20124 vil det sei 2,3 % av kr 744 168) | Kr 17 115 |
Trekk for 25 arbeidsdagar ordinær ferie (månadsløn i juni x 12 månadar x 25 dagar / 5 dagar x 52 veker = 80.000 x 12 x 25 / (5 x 52)) | -Kr 92 307 |
| Trekk for 4 ekstra feriedagar med løn (80.000 x 12 x 4 / (5 x 52)) | -Kr 14 769 |
| Bruttoløn i juni | Kr 105 239 |
Marit har ei månadsløn på kr 30.000, opptente feriepengar hos Sunnfjord kommune er kr 15.000. Arbeidstakar har 15 dagar kvote «Ferie med løn» og 10 dagar «Ferie utan løn». Totalt 25 feriedagar
Ferie med løn – Ein blir trekt på juniløn for ferien ein tek i inneverande år
Ferie utan løn – Ein blir trekt når ein tek ferie, om ein tek 1 veke ferie i oktober utan løn, vert ein trekt 1 veke ferie på oktoberløna.
Ynskjer Marit å ta ut to veker ferie i oktober, må leiar legge inn «ferie utan løn» desse 10 dagane, som gir redusert utbetaling på oktoberløn.
Dette då Marit kun vart trekt for 15 dagar i juni.
| Brutto månadsløn juni | Kr 30 000 |
| Feriepengar (12 % av feriepengegrunnlaget) | Kr 15 000 |
Trekk for 15 feriedagar med løn (månadsløn i juni x 12 månadar x 15 dagar / 5 dagar x 52 veker = 30.000 x 12 x 15 / (5 x 52)) | -Kr 20 769 |
| Bruttoløn i juni | Kr 24 231 |
Feriepengar er trekkfrie, men løn er trekkpliktig. Her vert det trekt skatt av kr 9.231 (30.000 - 20.769). Lønstrekk gjennomførast for «Ferie utan løn» på juni lønsutbetalinga.
Feriepengar er ikkje opptent hos Sunnfjord kommune og det er ingen feriepengar å utbetale dette året. Svein kan ha opptent feriepengar hos anna arbeidsgivar og desse skal dekke bortfallet hos Sunnfjord kommune. Om feriepengar frå annan arbeidsgjevar er brukt opp, har ikkje noko å seie på ferietrekket frå oss.
Svein har kvote for 25 dagar «Ferie utan løn». Lønstrekk blir gjennomført på juni løna med negativ løn til neste mnd og resten av trekket blir utført i juli.
Ofte stilte spørsmål om ferie og feriepengar:
Ferie er i utgangspunktet fritid utan løn. Hensikta med feriepenger er å erstatte lønsbortfallet når du tar ferie. Du tener opp feriepengar året før ferien skal avviklas, det vil sei i oppteningsåret. Kalenderåret du faktisk avviklar ferien kalles ferieår. Om du ikkje har vore i jobb året før, har du uansett rett til å ta ferie, men ikkje rett til feriepengar. Tilsette som er i uløna permisjon, eller avsluttar stillinga før 30.06., vil ikkje kome med noko ferietrekk i juni. Om det er blitt avvikla feriedagar tidlegare i inneverande år, må desse meldast frå om så ein får lagt inn trekk manuelt. Tilsette som begynner i fast eller mellombels stilling etter 01.07 /eller er tilbake frå uløna permisjon og som ikkje er trekt for ferie, må trekkast manuelt for ferie når dei faktisk avviklar ferie.
- Feriepengar utbetales i juni, uavhengig av når ferien faktisk avviklast. Samtidig kjem det eit ferietrekk for det tal dagar ein skal avvikle ferie med løn.
- Ved fråtreding vert feriepengar utbetalt som sluttoppgjer siste lønsutbetalingsmnd om du har haka av for det på oppsigelsen. Om ikkje blir det utbetalt året etter.
- Opptente feriepengar vert utbetalt i juni.
- Tilsette med timeløn har ikkje feriekvote og får ikkje utbetalt løn for dei dagane dei avviklar ferie.
- Ferieoppgjeret vert utbetalt på bakgrunn av ein eingongsberekning i juni.
- Ferie er fritid utan løn. Det vil sei at arbeidsgjevarar som utbetalar 12 månadsløner skal trekke deg i løn når du avviklar ferie. Dette vert ikkje gjort kvar gong du avviklar ferie, men vert samla for heile året i juni, der du vert trekt løn for dei feriedagane som er plikta å avvikle.
- Full feriefritid (25 arbeidsdagar ved 5 dagars arbeidsveke) utgjer meir enn ein kalendermånad (ca. 22 arbeidsdagar) slik at ferietrekket normalt er høgre enn månadsløna.
- Feriepengane overstig normalt ferietrekket. Bruttoløna i juni blir difor normalt større enn ei månadsløn når du har full feriepengeopptening frå året før.
- Feriepengane vert utbetalt utan skattetrekk. Unntak gjeld ekstra feriepengar for dei over 60 år.
- Alle har etter ferielova rett på 5 veker feriefritid.
- Om Kjell som er tilsett i 60% arbeider 3 dagars veke, eller 5 dagars veke (kortare dagar), vil ei ferieveke for Kjell framleis telje 5 dagar av 25. (Etter ferielova 6 dagar av 30). Fridagar vert også rekna som feriedagar.
- Altså: Dersom den vanlege arbeidstida di er tre dagar i den veka du tek ferie, har du dermed brukt ei ferieveke, og ikkje tre feriedagar.
- Døme på registrering av feriedagar:
Kjell har arbeidsdag mandag-onsdag, fridag torsdag og fredag:
Han må registrere ferie for heile veka, også på dei 2 fridagane.
- Frå det året ein fyller 59 år opptener ein ekstra feriepengar med 2,3 % av feriepengegrunnlaget (avgrensa opp til 6 gonger grunnbeløpet i folketrygda). For tilsette med feriepengegrunnlag over 6 G vil dei ekstra feriepengane ikkje fullt ut dekke lønsbortfallet i den ekstra ferieveka. Der dette er tilfelle, kan du velgje å ikkje avvikle feriedagane som ikkje vert dekka.
- Feriepengane knytt til den ekstra ferieveka er trekkpliktig.
Du kan søke om å overføre inntil to ferieveker + 4 dagar ferie til neste år. Du har ikkje noko krav på å få overført ferie, arbeidsgjevar avgjer. Du må søke om overføring i god tid.
Er du 100 % sjukmeldt når ferien starter, kan du kreve å få utsatt ferien. Er du derimot gradert sjukmeldt, skal du ta ferie som planlagt.
Er du 100 % sjukmeldt minst ein arbeidsdag i ferien, har du rett på å få ferien igjen seinare.
- Vert du sjuk medan du er på ferie i eit EØS-land, har du rett til ny ferie med lønn.
- Om du ferierer i eit land utanom EØS, har du rett til ny ferie, men utan lønn.
Føresetnaden for at du kan få igjen ferien er at du kan dokumentere sjukdommen med legeerklæring frå feriestaden. Legeerklæring må du legge fram for din leiar når du starte opp igjen i arbeid.
Du får berre erstatta tal dagar du har vore sjukmeldt.
Feriepengar er skattepliktig inntekt, men trekkfrie dersom det blir utbetalt i ferieåret (dvs året etter oppteningsåret). Det skal altså ikkje trekkast forskotstrekk av feriepengar, bortsett frå feriepengar for den sjette ferieveka for tilsette over 60 år. Desse er trekkpliktige og skal inngå i trekkgrunnlaget på utbetalingstidspunktet.
Her er nokre viktige punkt om feriepengar ved slutten av arbeidsforholdet:
- Utbetaling ved opphøyr av arbeidsforholdet: Når du sluttar i jobben får du val mellom utbetaling no eller neste år. Utbetaling no fører til fullt sluttoppgjer for både fjordårets opptente feriepengar og feriepengar for inneverande år dersom oppseiing før juni. Etter juni er det kun opptente feriepengar for inneverande år som blir utbetalt.
- Tidlegare opptente feriepengar: Dersom du ikkje har brukt opp feriedagane dine ved slutt (som du blei trekt for på juniløna), vil du få utbetalt desse dagane på sluttoppgjeret.
- Feriepengar ved slutt før juni: Om arbeidsforholdet tek slutt før juni, men du har opptent feriepengar, skal arbeidsgjevar betale desse ut ved slutt. Sluttar du i juni, får du utbetalt feriedagane utan trekk dersom ingen dagar er avvikla tidlegare.