Finn viktig informasjon om:

 

eDialog - send sikker elektronisk post

Med tenesta eDialog kan både privatpersonar og verksemder enkelt sende brev og dokument elektronisk til Askvoll kommune på ein trygg måte, også om dei inneheld personsensitive opplysningar og/eller er unnateke offentlegheit.
​​​​​​​

Korleis kan eg sende sikker elektronisk post? 

E-post kan vere ein usikker kanal for sensitiv post, og kan også vere ein omveg for post som skal inn i arkivsystemet vårt. eDialog opnar for sikker, rask og effektiv handtering av post til Askvoll kommune.

Gå til eDialog: send inn sikker elektronisk post


På framsida til heimesida vår finn du lenke til eDialog nedst til venstre i "kontakt oss"-boksen 

Skjermutklipp som viser plassering av lenka til eDialog på nettsida - Klikk for stort bilete  

 

 

Kvifor brukar vi eDialog

  • Data blir overført kryptert

  • Det gir ein sikker identifikasjon av avsendar

  • Dokument blir sende elektronisk og mottekne direkte i vårt system

  • Vi sparar tid på postgang og postregistrering

 

Du kan bruke eDialog om du

  • skal sende post med konfidensielle opplysningar

  • skal sende dokument til eksisterande sak

  • skal sende andre dokument til sakshandsaming eller journalføring

 

Du treng ikkje bruke eDialog om

Korleis mottek vi post du sender inn med eDialog?

Askvoll kommune sitt postmottak tek imot innsendinga di og formidlar vidare til rett sakshandsamar same dag eller neste dag. Svar blir sendt til din elektroniske postboks (Altinn, Digipost el. eBoks).


Nyttig å vite når du fyller ut skjema

  • Tenesta krev sikker identifisering via innloggingsalternativa i ID-porten, som til dømes BankID.

  • Vel om du er privatperson/innbyggjar (fødselsnr.) eller om du representerer ei verksemd (org.nr). 

  • Gje god omtale av kva sendinga gjeld i tittel. Om du har du eit saksnummer frå Askvoll kommune, skriv du dette i feltet «tittel» saman med tittel på innsendinga.

  • Din kommentar i kommentarfeltet vert lagt inn som eit eige vedlegg til sendinga.

  • Hugs å laste opp relevante vedlegg. NB: godkjent filformat er kun pdf.

  • Klikk på «send sikkert til Askvoll kommune» for å sende inn. Du vil få kvittering i nettlesar og sendt til e-postadressa di med referansenummer for sendinga. 

Nedst i artikkelen finn du eit utklipp av eDialog-skjemaet. 
 

Du kan svare kommunen via eDialog

Om Askvoll kommune sender brev til deg via Altinn, Digipost eller e-Boks, vil du i oversendinga sjå lenke til eDialog-skjema "Svar på denne sendinga". 

Der du kan fylle ut, laste opp vedlegg og sende tilbake. Svaret blir sendt direkte inn i sak-/arkivsystemet.

Utklipp frå eDialog-skjema - Klikk for stort bileteUtklipp frå eDialog-skjema