Om Bulandet skule

Fakta om skulen

Bulandet skule er den vestlegaste skulen i landet. Dette skuleåret har vi 32 elevar frå 1. til 10. klasse.


Bulandet skule vart teken i bruk skuleåret 1990/91. I 2003 var ei utviding i form av eit nytt bygg ferdig. Dette vart teken i full bruk då skulane i Værlandet og Bulandet vart slegne saman skuleåret 2004/05. 

Barnehagen er samlokalisert med skulen i den grad at den brukar delar av bygningsmassen frå 2003. 

Hovudbygninga / "Gamle-bygget".
"Nye-bygget". Barnehagen til høgre i bilete.