Om Atløy skule

Atløy skule er ein barneskule i Askvoll kommune , på øya Atløy. Elevtalet på skulen har vore stabilt mellom 40 -50 elevar dei siste 20 åra.  Skulen satsar på å bli ein "dysleksivenleg-skule" og har arbeidd med å integrere iPad og PC som gode verktøy for tilpassa opplæring og motiverande måter å arbeide på for elevane. Skulen ligg rett ved sida av Atløy stadion og har både kulturhus, fotball-bane og nærmiljøanlegg i- og ved skulen. Gapahuken bygde elevane i Kunst- og handverk og er ein del av basen til uteskule-gruppene.