Om Atløy skule

Atløy skule er ein fådelt 1. -7. skule på Atløy i Askvoll kommune med om lag 40 elevar. Skulen ligg i Sauesund, som ligg om lag 3 km frå ferjekaia i Gjervik. 

Atløy skule ligg rett ved sidan av Atløy stadion og Atløy Kulturhus, og har eit flott uteområde med både fotballbane og nærmiljøanlegg, og nærleik til både fjell og fjord. Like ved skulen ligg også ein gapahuk som elevar ved skulen har vore med på å bygge og som i dag er ein del av basen til uteskule- gruppene.

Skuleåret 2025/2026 er vi 37 elevar på skulen som fordeler seg slik:

  1. kl: 7 elevar
  2. kl: 3 elevar
  3. kl: 3 elevar
  4. kl: 4 elevar
  5. kl: 9 elevar
  6. kl: 7 elevar
  7. kl: 4 elevar


På heimesida finn du årshjulet vårt, der du får ei oversikt over aktivitetar vi har i løpet av året.

Artikkelliste