TiTur Dalsfjorden er eit samarbeid mellom Askvoll kommune, Fjaler kommune, Indre Sunnfjord turlag og turlaga i Askvoll og Fjaler. Dette er ein super måte å bli kjent med nye turområder, og ein fin aktivitet som passar årstida vi går inn i. Å komme seg ut, få frisk luft og mosjon gjer godt for kropp og sjel. Turane er lette til middels krevjande og passer for mange.
Raude postkasser og UT-appen
Det er raude postkassar med bøker i på toppane. Vi oppmodar likevel om at du nyttar appen til www.ut.no for å registrere deg på toppen. TiTur Dalsfjorden 2023 varer fram til 1. oktober 2023.
Premiar
Alle som fullfører får ein premie ved innlevering av turkort, og du blir med i trekninga av tre gåvekort med ein verdi på 1000 kroner. I tillegg trekk vi eit gåvekort blant bilete på Instagram som er merka med emneknaggen #titurdalsfjorden23.(Hugs open profil). Turkortet må leverast på YX bensinstasjon i Askvoll eller Dale innan 10. oktober. Premiane vert utlevert fortløpande mot innlevert, fullstendig utfylt turkort.
Turkort
Turkort kan du hente på YX stasjonane i Dale og Askvoll. Alle må ha kvar sitt turkort, og det kan berre leverast inn eitt kort per person. Du kan og laste ned turkortet her. (PDF, 2 MB)
Dei ti turane for 2023 er:
Askvoll:
Yndestadhøgeheia
Skålefjellet Atløy
Rundtur Askdalen
Nykshytta (dagsturhytta Askvoll)
Øvre Fossedalsvatnet
Fjaler:
Grillhytta på Eina
Arsteinheia
Skurveholten
Østenstad
Taket
Du kan lese om turane her.
God tur og vis omsyn ved parkering!