Søk tilskot til kulturbygg 2024

Er du med i ein organisasjon som driv eit kulturbygg i Askvoll kommune? Innan 31. mars 2024 kan du søkje om støtte frå ordninga "Tilskot til Kulturbygg i Vestland". 

Kva kan du søkje tilskot til? 

Tilskotsordninga skal bidra til eigna lokale, bygningar og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd.
Ordninga er finansiert av spelemiddelordninga, og vert forvalta av Vestland Fylkeskommune. 

Tilskot kan gjevast til kulturhus, fleibrukslokale, eller spesiallokale for kunst og kultur, som bibliotek, bygg for museum eller andre kulturverntiltak, scenekunstlokale, konsertsal eller formidlingslokale for biletkunst. Tilskot kan og gjevast til etablering av livssynsnøytrale seremonirom. 

I Askvoll kommune har Værlandet ungdomshus, Holmedal Bygdehus og Askvoll samfunnshus fått tilskot frå ordninga. 

Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygg, men ikkje til vedlikehald eller drift. 
Tilskotet kan utgjere 1/3 del av godkjende prosjektkostnadar for bygget. 

Minste søknadsbeløp for ordinære tiltak er kr. 100.000 og kr. 50.000 på tiltak for universell utforming. 

På vestlandfylke.no finn du nærare informasjon om ordninga og krav til søknaden.

Retningsliner for ordninga "tilskot til kulturbygg Vestland" på vestlandfylke.no

Kven kan søkje? 

Frivillige lag og organisasjonar, kommunar og fylkeskommunar kan søkje på ordninga.  Andre lag, organisasjonar og selskap kan også søkje, avhengig av vedtektene til laget. Spelemidlar skal ikkje gjerast om til forteneste for private fortenestebaserte aktørar. 
 

Korleis kan vi søkje? 

Søknaden skal registrerast elektronisk innan 31. mars 2024 på anleggsregisteret.no

Gå til søknadsskjema for "Tilskot til kulturbygg Vestland 2024"

Du treng ein av innloggingsalternativa til ID-porten for å logge inn i søknadsskjemaet. For å kunne søkje tilskot frå ordninga, må organisasjonen som eig kulturbygget vere registrert i Enhetsregisteret. 

Dersom kulturbygget ikkje har eit anleggsnummer i anleggsregisteret, må du ta kontakt med kommunen for å få oppretta det. Kontaktperson er Helene Norstrand.

Om handsaming av søknaden

Kommunen handsamar søknadane, og sender dei vidare til fylkeskommunen innan 30. April. Dersom det kjem inn fleire søknader frå Askvoll kommune, må kommunestyret vedta ei prioritering av søknadane. I såfall vert det handsama av kommunestyret den 24. april 2024. 

Helene Norstrand
Rådgjevar
E-post
Telefon 57 73 07 11