Finn viktig informasjon om:

 

Koronavaksine i Askvoll kommune

Askvoll kommune følgjer tilråding frå FHI om å tilby oppfriskingsdose til enkelte målgrupper og
personer på 65 år og eldre frå september.  Vi vil vaksinere på Storstova på Askvollheimen torsdag 01. og 22. september.

Tilråding frå Folkehelseinstituttet (FHI).


Folkehelseinstituttet (FHI) tilrår ei ny oppfriskingsdose for følgjande målgrupper:

  • Personar som er 75 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar (oppstart 1.juli 2022).
  • Personar som er 65-74 år, og personar i aldersgruppa 18-64 med underliggande risiko for alvorleg sjukdomsforløp av covid-19 (planlagt oppstart 1.september 2022).

Doseintervall mellom dose 1 og 2 for Comirnaty (Pfizer/BioNtech) er sett til minimum 3 veker og maksimum 12 veker for vaksne, og 8 til 12 veker for born og ungdommar.  Doseintervall mellom dose 2 og boosterdose er 20 veker.  Ny oppfriskningsdose kan tidligst takast 4 månadar etter siste vaksinedose. Det må gå minimum 3 veker etter gjennomgått infeksjon med covid-19.
 

Timebestilling for koronavaksine i Askvoll kommune.

Du kan bestille deg tidspunkt via link:
 

Gå til elektronisk timebestilling for koronavaksine

eller ring legekontoret og bestill tid, tlf 57 73 46 00.

Det er vidare sett opp nokre vaksinasjoner på legekontoret no i august.


Koronavaksine og vaksinasjon er gratis.
 

Informasjon for deg som har fått vaksine

Meir informasjon om koronavaksine:

Maret Krannich

Kommuneoverlege
Telefon : 57734600
E-post : Send e-post