Er du fast deltidstilsett og ønskjer å utvide stillinga di, send inn søknadsskjemaet nedanfor.
Definisjon
Ufrivillig deltid omfattar arbeidstakarar som er fast tilsett og som ønsker ei større fast stilling i kommunen. Denne registreringa omfattar såleis ikkje faste tilsette som er tilsett i 100 % stilling eller mellombels tilsette.
Føremål
Vi ønsker ei oversikt over alle faste tilsette som har ufrivillig deltid og difor vil ha ei større stilling i kommunen. Difor ber vi deg om å registrere dine ønsker i dette skjemaet.
Registrer deg på nytt om det er endringar
Dersom du ønsker å auke stillinga di, registrerer du deg i skjemaet. Det er viktig at oversikta vår er oppdatert. Derfor må du registrere deg på nytt dersom det er endringar eller be om å bli sletta frå lista dersom du ikkje lenger ønsker større stilling/stå på lista.
Du vert då registrert i oversikta til avdeling
for personal, løn og arkiv, og vil verte vurdert opp mot alle ledige stillingar
i kommunen, i hht det du har lagt inn som ønskje. Det kan likevel vere at du
får tilbod om å auke opp stillinga knytt til andre fagområde og innan andre
etatar, dersom arbeidsgjevar ser at du er kvalifisert.
Det er opp til kvar
enkelt tilsett å takke nei til tilbod om utvida stilling dersom det ikkje
passar. Du må heller ikkje ta den heile ledige stillingsprosenten du får
tilbudd, men det er tilrådd. Vi føreset ei viss grad av fleksibilitet med omsyn
til arbeidsstad, så lenge det ikkje er til stor ulempe for den tilsette.
Dersom fleire søkjarar med uønska deltidsstilling står
likt etter ei vurdering av faglege kvalifikasjonar og ansiennitet, vert søkjarar
med mindre enn 40% stilling prioritert, slik at dei vert løfta til 40% eller
meir.
Leiarar for dei einingane/etatane som har ledige stillingar som skal
utlysast, vil få forslag om kandidatar som kvalifiserer til desse stillingane,
for vurdering før utlysing.
Sjølv om du registrerer deg på denne oversikta, må du likevel søke på aktuelle utlyste stillingar du er interessert i!