Det er 2 moderasjonsordningar for familiar med låg inntekt:
1. Redusert foreldrebetaling
Hushaldningar som har ei samla person- og kapitalinntekt som er lågare enn 566 100 kroner per år kan søkje om redusert betaling.
2. Gratis kjernetid
3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i hushaldningar med låg inntekt har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. Pr. 1. august 2020 er inntektsgrensa for gratis kjernetid 566 100 kroner per år. Frå 01.08.2019 er gratis kjernetid også omfatta 2-åringar.
Skattemelding/Sjølvmelding( OBS! Ikkje skatteoppgjer) for siste år må leggjast ved søknaden/evt. ettersendast pr post. Det kan vere lurt å ha den klar før du startar utfylling av skjema. Dersom noverande inntekt avvik frå det som står i skattemeldinga, må dette også dokumenterast.
Vedtak vert sett i verk frå og med den første heile månaden etter søknadstidspunktet og gjeld ut inneverande barnehageår (kun eit barnehageår om gongen). Vedtak vert ikkje innvilga med tilbakeverkande kraft.
Føresette som søkjer om reduksjon må bu på same folkeregistrerte adresse som barnet.
Søknadsfrist: Den 10. i kvar månad.