Elevar i grunnskolen har rett til fri skuleskyss når dei bur over ein viss avstand frå skulen:
- 2 km for elevar på 1. trinn
- 4 km for elevar på 2.-10. trinn
Avstanden vert målt frå dør til dør og langs kortaste farbare veg eller gang- og sykkelveg. Kringom si oppmåling skjer på det digitale kartet Google maps - https://www.google.com/maps. Det vert ikkje teke omsyn til private avstandsmålingar med til dømes bil, målehjul eller GPS
Elevar kan òg ha rett til gratis skoleskyss sjølv om dei bur nærmere skulen enn fire kilometer. Då på grunn av særlig farlig eller vanskeleg skoleveg. Dette gjeld òg elevar med varig funksjonshemming eller mellombels skade/sjukdom. Sistnemnde har òg rett til skyss til og frå skulefritidsordninga (SFO).
Skuleskyss er ei lovpålagt oppgåve som vert regulert av opplæringslova § 7-1