Bruksendring

Dersom du skal ta i bruk eit bygg eller del av eit bygg til noko anna enn det opphaveleg er godkjent for, eller lovleg brukt til, må du søkje om bruksendring.

Sjekk om du må søke om bruksendring

På direktoratet for byggkvalitet sine nettsider kan du enkelt sjekke om du treng å søke:

Sjekk om du må søkje om bruksendring

Du kan sjølv sende søknad om bruksendring dersom

  • Du endrar rombruken frå tilleggsdel til hovuddel eller omvendt innanfor same branncelle (til dømes frå bod til soverom, eller frå soverom til bod).

Du må sende byggesøknad med hjelp frå fagfolk dersom

  • Du skal bruke huset eller delar av det til noko anna enn det du gjer i dag. Til dømes frå næringsbygg til bustad, eller frå bustad til serveringsstad eller butikk.

 

For meir informasjon om bruksendring, sjå skriv frå Norsk kommunalteknisk forening (DOCX, 70 kB)

Arnt Rune Knapstad
Avdelingsingeniør
Bygg- og eigedom
E-post
Telefon 57 73 07 17