Skjenkeløyve for enkeltarrangement eller private selskap



 


Når treng du skjenkeløyve for enkeltarrangement?

Du skal servere alkohol mot betaling i eit lukka selskap som til dømes bursdag, bryllaup, jubileum eller firmaarrangement. Du søker då om eit ambulerande skjenkeløyve. 

Du skal ha eit arrangement som er ope for publikum, i lokale utan skjenkeløyve eller utandørs på eit avgrensa område. Du søker då om eit skjenkeløyve for eit enkelt høve også om du ikkje tar betalt for alkoholen. 
 

Når kan du sleppe å søke om løyve?

Du treng ikkje søke om skjenkeløyve dersom du har eit privat arrangement og gjestene har med seg alkohol sjølv, eller du serverer alkohol i eit privat arrangement utan å ta betaling.

Døme på privat arrangement er bryllup, bursdag eller liknande. Arrangement som krev påmelding, men der kven som helst kan melde seg på, er ikkje eit privat arrangement.
 

Kva krav må du oppfylle for å få skjenkeløyve?

Søkar må vere fylt 20 år

Den som skal vere ansvarleg for skjenkinga må vere fylt 20 år. For alkohol under 22 volumprosent gjeld 18 års grense.

Ved søknad om skjenkeløyve ved enkeltarrangement må ansvarleg ha utvist uklanderleg vandel.
 

Slik søker du:

Søknad om skjenkeløyve skal sendast elektronisk. Du bruker same skjema for både opne og lukka arrangement.

Ved søknad om opne arrangement hentar vi inn vandelsuttale frå politiet på søkjar og ansvarleg for skjenkinga.
 

Søk om skjenkeløyve for enkeltarrangement eller privat selskap
 

Kor lang tid tar det å få svar?

Du får vanlegvis svar på søknad om løyve for lukka lag innan ei veke.

Ved søknad om skjenkeløyve ved opne arrangement vil vi innhente vandelsuttale frå politiet og evt sosialtenesta om dei har merknader til arrangementet eller løyvesøkarane. Behandling av slike søknader vil dermed ta noko lenger tid. Søk difor i god tid før arrangementet.
 

Kva kostar det?

Gebyr for slike løyver er bestemt av alkoholforskrifta. Vi sender faktura.

Alkoholpolitiske retningsliner

Klikk her for å sjå Askvoll kommune sine alkoholpolitiske retningsliner (PDF, 84 kB)

Sarah Louise Loftheim
Arkiv- og sekretariatsleiar
HR
E-post
Telefon 57 73 07 06