Som arrangør er du ansvarleg for å ha oversikt over risikobiletet ved arrangementet, og å setje i verk tiltak for å redusere risikoen. De bør difor utarbeide ei risikovurdering, òg kalla risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS). Risikovurderinga er viktig dokumentasjon for deg som arrangør opp mot eksterne aktørar som naudetatar og kommunen, men bør først og fremst vere eit arbeids- og rapporteringsverktøy som blir brukt aktivt for å redusere risiko og å sikre eit trygt arrangement for alle involverte.
Fire viktige spørsmål for deg som arbeider med tryggleik:
- Kva kan skje?
- Kva gjer vi for å unngå at det skjer?
- Kva gjer vi dersom det likevel skjer?
- Kven gjer kva?
Kva er risiko og risikovurdering?
Risiko er uønskte hendingar som kan inntreffe, og som kan påverke gjennomføringa av eit arrangement negativt. Ei risikovurdering tek ofte utgangspunkt i sannsynet for at ei hending skjer og kva konsekvensar den kan ha. Som utgangspunkt for risikovurderinga bør arrangøren stille seg spørsmålet: “Kva fryktar eg at kan skje?”
Eksempel på risikovurderingstabell:

Andre døme på kva du som jobbar med tryggleik bør vurdere:
- Skal det setjast opp telt? Korleis hindrar du at teltet blåser vekk, og kva gjer du viss det skjer?
- Er det vatn i nærleiken av arrangementet, og er det alkoholservering? Barn til stades? Vurder behov for vakthald, flytevestar og sperringar.
- Skal det brukast faklar, bål eller fyrverkeri? Hugs løyver, brannførebygging og naudsynt utstyr.
- Skal du setje opp scene eller andre mellombelse installasjonar? Sørg for forskriftsmessig montering og tryggleik ved bruk og rigging.
- Serverer de mat? Kva gjer du viss nokon får ein allergisk reaksjon?
Kva gjer du viss...
- Nokon blir slått ned av ein publikummar?
- Nokon blir utsett for valdtekt eller seksuell trakassering?
- Nokon smuglar med alkohol inn?
- Nokon oppfører seg trugande mot serveringspersonale?
Tryggleik
Arbeidet med å kontrollere risiko startar lenge før arrangementet og held fram til etterarbeidet er over. Ei grundig risikovurdering legg til rette for målretta tryggleiksplanlegging – gjerne i form av ein tryggleiksplan.
Rettleiarar og planar
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har laga ein rettleiar for tryggleik ved store arrangement som alle arrangørar bør sette seg godt inn i. Du finn rettleiaren på DSB si heimeside
Meir informasjon om sikkerheit ved arrangement finn du på nettsida til Norske kulturarrangørar, arrangor.no
Uavhengig av storleik og type arrangement, tilrår vi at det vert gjennomført ei ROS-analyse og at det vert utarbeidd ein beredskapsplan.
Her kan du lage ein tryggleiksplan med risiko- og sårbarheitsanalyse for eit arrangement