Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus?
Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

NAV Askvoll har oppretta direkte tlfnr. for økonomisk sosialhjelp: 412 11 392 (man-fre frå kl.09-15)

 

Støtte- og treningskontakt

Støtte- og treningskontakt er eit fritidstilbod til personar med behov for kontakt, hjelp og rettleiing i kvardagen.

 

Kva er ein støttekontakt?

Støttekontakten er ein som gjev andre assistanse, støtte og oppfølging på fritida, og den kan utføre oppdrag i forhold til enkeltpersonar eller i grupper. Støttekontaktar skal medverke til at du skal få ei meiningsfull fritid saman med andre, og bidra til å bryte isolasjon, utvide sosialt nettverk, og utvikle sosiale ferdigheiter.
 

Kva er ein treningskontakt?

Ein treningskontakt er ein støttekontakt med målsetting om å hjelpe til med å kome i form med fysisk aktivitet.
 

Kven kan søkje om tenesta?

Personar eller familiar som på grunn av funksjonshemming, alder eller sosiale vanskar treng hjelp til å få ei aktiv fritid, kan søkje kommunen om tenesta.
 

Korleis kan du søkje?

For å kunne søkje på tenesta må du bu eller opphalde deg i kommunen. Søknaden må være skriftleg. Omsorgskontoret handsamar søknaden fortløpande, og det blir i samband med dette gjort eit heimebesøk fo kartlegging av din livssituasjon. Du vil kome i kontakt med sakshandsamar innan tre veker.
 

Gå til søknadskjema > (PDF, 30 kB)


Får du ikkje opna skjema? Last ned programvare for lesing av PDF-filer på Adobe sine nettsider.
 

Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og levere den med søknaden (PDF, 28 kB)

 

Søknaden skal du sende til:


Askvoll kommune
v/Omsorgskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll

 

Kontakt

Askvollheimen - Omsorgskontoret

Administrasjon
Telefon : 57 73 45 00
E-post : Send e-post

 

Håvard Yndestad

Sosialkonsulent
Telefon : 57 73 45 13
Mobil : 91 13 59 69
E-post : Send e-post