Eigedomsskatt i Askvoll kommune

Synfarar - Klikk for stort bilete Kommunestyret har vedteke å innføre eigedomskatt på alle faste eigedomar i heile kommunen frå 2015.

Eigedomsskatt er den einaste skatten som kommunen har full råderett over og som i sin heilheit går til kommunen.Sjå lenker for meir informasjon.

Spørsmål og kommentarar i høve innføring av eigedomsskatt, kan sendast i e-post
til eskatt@askvoll.kommune.no eller i brev til:

Askvoll kommune
v/ Eigedomsskattekontoret,
Pb 174
6988 Askvoll


Du kan òg nå oss på telefon 577 30 715 / 577 30 700.

For informasjon eller klage på likningsverdi/ formuesgrunnlag – ta kontakt med skatteetaten:
Tlfnr: 800 80000 eller på www.skatteetaten.no

Publisert av Jeroen van Gangelen. Sist endra 02.03.2016
Askvoll sentrum

I samsvar med eigedomsskattelova §14 og 15 og §6-2 og §6-3 i Askvoll kommune sine eigedomsskattevedtekter vert eigedomsskattelistene lagt ut til offentleg ettersyn i 3 veker. Skattelista vil ligge i resepsjonen i Askvoll kommune og er tilgjengeleg frå 28.02.2018.

 

Synfarar

I samsvar med eigedomsskattelova §14 og 15 og §6-2 og §6-3 i Askvoll kommune sine eigedomsskattevedtekter vert eigedomsskattelistene lagt ut til offentleg ettersyn i 3 veker. Skattelista vil ligge i resepsjonen i Askvoll kommune og er tilgjengeleg frå 28.02.2017.

Askvoll, sett frå Melen på Loftheim.

Askvoll kommunestyre vedtok den 17.12.2014 i sak KOM-088/14 å innføre eigedomsskatt i Askvoll kommune gjeldande frå 01.01.2015

Eigedomsskattelova:

§ 7.Kommunestyret kan fritaka desse eigedomane heilt eller delvis for eigedomsskatt:
a)  Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagne ein kommune, eit fylke eller staten.
b)  Bygning som har historisk verde.
c)  Bygning som heilt eller i nokon mon vert nytta til husvære.  Fritaket kan gjelde i opptil 20 år frå den tida bygningen vart ferdig.  Formannskapet eller det utvalet som er nemnt i kommunelova §10, kan få fullmakt til å avgjere einskildsaker om skattefritak.
d)  Bygning og grunn i visse luter av kommunen.

Dette innformasjonsskrivet er sendt alle grunneigarar i Askvoll kommune 

Fann du det du leitte etter?