Redusert betaling i barnehage

Det er to moderasjonsordningar for familiar eller hushaldningar med låg inntekt.

1. Gratis kjernetid
Sidan 2016 har alle 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i hushaldningar med låg inntekt hatt rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. Frå 1. august 2018 er denne inntektsgrensa sett til 533 500 kroner.

Ordninga med gratis kjernetid gjeld uavhengig om du har deltids- eller heiltidsplass. Det betyr at eit barn med deltidsplass med rett på fritak, har krav på fritak på 20 timar uavhengig av storleiken på plassen.


2. Redusert foreldrebetaling
Ordninga med redusert foreldrebetaling går ut på at ingen skal betale meir enn seks prosent av inntekta si til barnehagen. I 2018 gjeld denne ordninga for hushaldningar med ei samla inntekt som er lågare enn 533 500 kroner per år.

Du finn meir informasjon om reduksjon i foreldrebetaling på utdanningsdirektoratet si heimeside.

Korleis søkje

Du må sende ein søknad til kommunen for å få redusert pris på grunn av låg inntekt eller gratis kjernetid.

Du må legge ved kopi av siste skattemelding/sjølvmelding, eller annan dokumentasjon av inntekt. Det er viktig at du sender med dokumentasjon på all inntekt. Manglar det dokumentasjon vil ikkje søknaden bli behandla. 

Redusert betaling får verknad frå og med den første heile månaden etter søknadstidspunktet og gjeld ut inneverande barnehageår (kun eit barnehageår om gongen).  Vedtak vert ikkje innvilga med tilbakeverkande kraft.

Føresette som søkjer om reduksjon må bu på same folkeregistrerte adresse som barnet.

Søknadsfrist:  Den 10. i kvar månad.

Søknad vedlagt sist tilgjengelige Skattemelding/sjølvmelding sendast elektronisk.


Gå til elektronisk søknadsskjema

Fann du det du leitte etter?