Individuell tilrettelegging

Barn med nedsett funksjonsevne skal ha høve til å delta i barnehage på same måte som andre barn.

Barnehagelova §2, tredje ledd, stiller krav til at barnehagen skal tilpasse tilbodet mellom anna ut frå barnet sitt funksjonsnivå. Dette betyr at barnehageeigar har ansvar for å sjå til at barn med nedsett funksjonsevne får eit barnehagetilbod i tråd med lova. Barnehageeigar sitt ansvar er likevel avgrensa til kva barnehagen kan gjere innafor dei ordinære rammene.

Kommunen skal sikre at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod, jamfør Barnehagelova §19 g. Kommunen si tilretteleggingsplikt gjeld tiltak som er nødvendig for at barnet skal nyttiggjere seg plassen. Plikta gjeld barn med nedsett funksjonsevne som er busett i kommunen og som har barnehageplass.

Informasjon og rutiner om handheving av §19g i Barnehagelova (PDF, 121 kB)

Meldeskjema:

For føresette: 

Melding om behov for kommunal tilrettelegging i barnehage jfr. §19g i Barnehagelova


For barnehagen:

Melding om behov for kommunal tilrettelegging i barnehage, jfr. §19g i Barnehagelova

Kontakt

Kristen Holt

Kommunalsjef oppvekst
Telefon : 57 73 07 21
Mobil : 99 44 60 68
E-post : Send e-post