Er du gründer, har akkurat starta bedrift eller går med ein forretningsidé i magen?

Askvoll kommune har i samarbeid med lokalt næringsliv lagt til rette for at gründerar som ynskjer å realisere sin verksemdsidé no får tilgang til svært rimelege og sentrale kontorlokale. Allereie etablerte verksemder har òg mogleik til å leige lokale.

 

Klikk for stort bilete

Om næringstunet:

Næringstunet ligg attraktivt og lett tilgjengeleg til midt i Askvoll sentrum. Her er det gratis parkering og gode transportmoglegheiter med buss, ferje og ekspressbåt. Her finn du butikkar, postkontor, treningssenter og flotte turstiar like i nærleiken. Tunet ligg i bygget der ambulanse og lensmann tidlegare heldt til.

Kontorfellesskapet er rundt 150 kvadratmeter og inneheld både private og meir fleksible kontor. Desse er i storleiken 8-15 m2 og alle er fullt møblert. Det aller meste er inkludert slik at du kan konsentrere deg om dine gjeremål. Straum, enkel reingjering, mindre vaktmeistervedlikehald og renovasjon/boss er med i leigeprisen. Leiga inkluderer ògstore fellesareal som kjøkken, møterom, garderobe, internett/Wi-Fi, multifunksjonsmaskin (kopi, skrivar, skannar) og straum.

Bakgrunn for ordninga:

Askvoll kommune håpar at ei samlokalisering i næringstunet skal fremje samarbeid, utvikling og vekst. Målsettinga er at dette skal styrke næringslivet og regionen si innovasjonsevne, konkurransekraft og langsiktig verdiskaping. Erfaringa tilseier òg at slike miljø verkar stimulerande på mindre bedrifter og bedriftsetableringar, som ofte er enkeltpersonar i starten. Ei tilrettelegging av fellesareal der bedrifter er samlokalisert i eit fysisk, fagleg og sosialt miljø, gjev mogelegheit for oppdragsutveksling og samarbeid bedriftene seg imellom. Dette kan igjen bidra til å løyse ut potensial på ein betre måte enn på eiga hand.

Klikk for stort bilete

 

 

Askvoll kommune tilbyr enkel støtte og hjelp til gründerar og nyetablerte. Kommunen har blant anna kjennskap til verkemiddelapparatet som er til rådvelde for gründerar og næringsdrivande i fylket og kan være med å legge til rette for møteplasser og nettverksbygging.

Prisar:

Leigeprisen startar på berre 750,- per månad.

Vil du vete meir?

Ta kontakt med rådgjevar Arve Åsnes i Askvoll kommune for ein uforpliktande prat. Arve treff du på arve.asnes@askvoll.kommune.no, tlf 57730727 og mob 41553275.

 

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Arve Åsnes

Rådgjevar næring | Folkehelsekoordinator
Telefon : 57730727
Mobil : 41553275
E-post : Send e-post