Barnehagen i Askvoll kommune

Askvoll kommune ønskjer å tilby alle småbarnsforeldre eit godt og trygt barnehagetilbod

Felles søknadsskjema

Det er samordna opptak for alle dei 5 kommunale barnehagane. Du søkjer elektronisk om barnehageplass. Om du treng hjelp til å søkje/tilgang til datamaskin, ta kontakt med oppvekstkontoret på tlf. 57 73 07 20

Elektronisk utsending av svar

Tilbod om barnehageplass vert sendt elektronisk.  Du må logge deg inn der du søkte for å svare på tilbodet.

Rett til barnehageplass

Alle barn som fyller 1 år innan utgangen av november i søknadsåret, og som søkjer innan fristen 1. mars, har lovfesta rett til barnehageplass.

Dei som får plass, må vere busett i kommunen når dei tek til i barnehagen.

Vedlegg til søknad om barnehageplass

Eventuelle vedlegg frå lege, helsestasjon, barnevern, PPT eller andre institusjonar må sendast pr. post til Askvoll kommune, Postboks 174, 6988 Askvoll innan søknadsfristen 1. mars.  Merk konvolutten "Vedlegg til barnehagesøknad"

Pris

Foreldrebetaling i barnehagar gjeldande frå 01.01.2020
Betalingssatsar pr. 01.01.2020
Barnehage Type plass Sats pr. mnd
Røverompa barnehage og Holmedal barnehage (48 v pr år) 100% 3.135
80% 2.822
60% 2.195
40% 1.568
Bulandet, Gjelsvik og Nipa barnehagar (47 veker pr år) 100% 3.070
80% 2.763
60% 2.149
40% 1.535


30% søskenmoderasjon for barn nr 2 og 50% moderasjon for barn nr 3 eller fleire.

Dagsasts for kjøp av ekstra dagar (uansett tal timar)  kr. 204,- pr dag

Gebyr ved for seint henta barn kr. 153,- pr påbegynt halvtime etter ordinær stengetid.

I alle barnehagane kjem matpengar og/eller frukt- og mjølkepengar i tillegg.

 

Redusert foreldrebetaling for husholdningar med låg inntekt

 

Les meir om ordninga med redusert foreldrebetaling

Kontakt

Kristen Holt

Kommunalsjef oppvekst
Telefon : 57 73 07 21
Mobil : 99 44 60 68
E-post : Send e-post