Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Ferie- og fridagar i skulen

 


 

 

 

 

Permisjon frå grunnskuleopplæringa

  • Kontaktlærar kan gje ein elev fri inntil 3 skuledagar.

  • Rektor kan gje ein elev fri inntil 10 skuledagar.

  • Dersom fri utover 10 skuledagar, må det sendast søknad til oppvekstsjefen.

 

Framgangsmåte når ein søkjer fri ein elev:

  • Søknader om fri for ein elev må vere grunngjeven, og sendt i god tid før permisjonen.
  • Du søker om permisjon på eleven det gjeld i Visma Flyt Skole: Visma Flyt Skole.

 

Foreldre må syte for at eleven som får innvilga permisjon tileignar seg det lærestoffet som vert gått gjennom på skulen desse dagane.

Fri utover 14 dagar vert som regel ikkje gjeve. Jf opplæringslova §§ 2 - 11. Det er det oppvekstsjefen som avgjer. I rundskriv 4/86 påpeikar utdanningsdirektøren at foreldra sitt ansvar for borna si undervisning må understrekast. Lova fastset opplæringsplikt og ikkje skuleplikt. Prinsipielt fell ansvaret for at borna får opplæring/undervisning over på foreldra når dei ber om å få ta borna ut av skulen.

Vi oppmodar om at elevane i minst mogeleg grad blir tekne ut av skulen utanom dei ordinære feriedagane. Dette gjeld for alle klassesteg. Stort fråvær kan føre til mindre læringsutbyte og såleis mindre kompetanse og måloppnåing for elevane. Permisjonar må planleggjast i god tid, og vi minner igjen om at skuleruta inneheld både haust- og vinterferie i tillegg til andre fridagar

Kontakt

Kristen Holt

Kommunalsjef oppvekst
Telefon : 57 73 07 21
Mobil : 994 46 068
E-post : Send e-post