Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Skulefritidsordning - SFO

Skulefritidsordninga (SFO) gjeld for barn i 1. - 4. klasse og for barn med funksjonshemmingar i 1. - 7. klasse.

Om skulefritidsordninga

Dersom det ikkje er skulefritidsordning ved den skulen barnet går,  kan tilbodet nyttast ved ein annan skule.

SFO følgjer skuleåret. Alle som søkjer får plass.

 

Om søknaden

Du søkjer elektronisk om SFO-plass. Søknadsfrist er 1. april


 

Søk plass i SFO >

Du loggar inn via ID-porten (med MinID/BankID, Bypass, Commfides) eller via Feide.

 

Endring og oppseiing

Endring eller oppseiing av plass skjer også med innlogging via Visma Flyt Skole. Oppseiingsfristen er i utgangspunktet 1 månad, men ved oppseiinga av plass etter 1. mars, må du betale for plassen ut skuleåret.  

 

Spørsmål?

Ta kontakt med Oppvekstkontoret på tlf. nr 57 73 07 20 eller den enkelte skule om du treng hjelp til å søke/tilgang på datamaskin.

 

Prisliste SFO Tilbod og betalingssatsar gjeldande frå 01.08.2020
Prisliste SFO
Tilbod Innhald Prisar
A-tilbod 21 - 26 timar pr veke 2.393 pr mnd
B-tilbod 16 - 20 timar pr veke 2.029 pr mnd
C-tilbod 11 - 15 timar pr veke 1.561 pr mnd
D-tilbod 0 - 10 timar pr veke 1.144 pr mnd
Vekesats Tilbod i skuleferiar 1.040 pr veke
Gebyr For seint henta barn 156 pr påbeg time

 

Ekstratimar: kr. 52,- pr time
Syskenmoderasjon: 30% moderasjon for 2. barn og 50% for 3. og fleire barn

Betaling er pr. månad i 10 månader i skuleåret.  Betaling for sommar-, haust- og vinterferie kjem i tillegg.  Endringar i timetalet i løpet av året må det søkjast om.
 

Kontakt

Kristen Holt

Kommunalsjef oppvekst
Telefon : 57 73 07 21
Mobil : 994 46 068
E-post : Send e-post