Koronaviruset

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Kulturskule

Klikk for stort bilete 

Velkommen som elev i Askvoll kulturskule uansett alder, kjønn, etnisitet eller religiøs orientering!  

 

 

Påmelding:

Hovudfristen for påmelding til kulturskulen er 14.06., men vi tek sjølvsagt imot påmelding gjennom heile året.  Oppseiing av plass må skje innan 14.juni/15.november.

 

Til påmeldingsskjema


Visjonen vår:

Kulturskulen er ein viktig aktør som kan gjere Askvoll til ein meir attraktiv kommune å bu i. Vi skal vere ein rollemodell for utvikling, kvalitet og resultat på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå.

 

Målet vårt:

  • Askvoll Kulturskule vil arbeide aktivt for å auke interessa for kultur i kommunen.
  • Askvoll Kulturskule skal vere ein skule for alle. Vi skal tilby kvalitetstenester til både unge og vaksne, nybegynnarar og vidarekomne, og vi satsar på samspel mellom aktuelle kulturaktørar, profesjonelle, frivillige lag og organisasjonar og kulturskuleelevar og kulturskulelærarar.
  • Vi vil være eit ressurssenter for kultur og kulturaktivitetar i kommunen og på Vestlandet. Hovudmålet vårt er å utvikle og ivareta kunstnerisk og kulturell kompetanse. Til grunn for dette ligg eit heilskapssyn om at alle menneske har formsans og uttrykksbehov som kan utviklast gjennom opplæring.

 

 

Betalingssatsar:

For tida kostar ein elevplass kr. 2.681,- pr. år (1.340,- pr semester). Sysken- og fleiraktivitetsmoderasjon vert sett til 25% for 2.barn/ aktivitet og 50% frå 3.barn og fleire.

Betalingskrav vert delt i 2 og sendt ut før jul og før sommarferien.

Evt. instrumentleige er sett til kr. 520,- pr. år.

 

 

Kontakt

Mats Systaddal

Kulturskulerektor
Telefon : 57 73 07 23
Mobil : 974 60 697
E-post : Send e-post