Individuell plan

Om du har behov for fleire helse- og omsorgstenester over lengre tid, har du rett til å få utarbeida ein individuell plan. Planen skal sikre gode målsetjingar og koordinering av tenestene og tiltaka dine.

Kva er individuell plan?

Planen er eit verkty og ein metode for samarbeid og samhandling mellom deg og dei ulike hjelparane. Planen skal vise dine mål og ynskjer for i dag, og for framtida. Alle som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester har rett på å få utarbeidd individuell plan.

 

Korleis kan du søkje?

Søkjar av individuell plan må bu i kommunen. Du må sende ein skriftleg søknad. Koordineranda eining handsamar søknaden fortløpande og det blir i samband med dette gjort eit heimebesøk med kartlegging av søkjar sin livssituasjon. Du vil komme i kontakt med sakshandsamar innan tre veker.
 

Gå til søknadskjema >


Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei Skriftleg fullmakt og levere den med søknaden (PDF, 28 kB)

Får du ikkje opna skjema? Last ned programvare for lesing av PDF-filer på Adobe sine nettsider.

 

 Søknaden skal du sende til:
 

Askvoll kommune
v/Omsorgskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll

 

Målsetting med individuell plan:

  • Å legge til rette for at du får eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod
  • At du har ein kontaktperson (koordinator) som har hovudansvaret for å hjelpe deg
  • Styrke samhandlinga mellom deg og dei du får hjelp frå
     

Praktisk informasjon:

  • Søknaden vert vurdert ut frå behov for hjelp
  • Planen er eit dokument og gjer ikkje auka rett til tenester
  • Får du individuell plan har du rett på eiga ansvarsgruppe
  • Ansvarsgruppa består av kontaktpersonar frå dei ulike tenestene du har
  • Du må vere med på ansvarsgruppemøte og delta i utforming av planen

 

Kontakt

Askvollheimen - Omsorgskontoret

Administrasjon
Telefon : 57 73 45 00
E-post : Send e-post