Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus?
Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

NAV Askvoll har oppretta direkte tlfnr. for økonomisk sosialhjelp: 412 11 392 (man-fre frå kl.09-15)

 

Langtidsplass

Langtidsplass på sjukeheimen er eit heildøgns omsorgstilbod for pleietrengande som har behov for medisinsk og sjukepleiefagleg oppfølging og stell gjennom heile døgnet.


Kven kan søkje?

Om du ikkje får dekka ditt daglege behov for pleie og omsorg i heimen eller i omsorgsbustad, kan du søkje om langtidsopphald. Søkjar må ha behov for langtidsplass i sjukeheim, og før langtidsplass vert innvilga bør det være fosøkt med tenester i heimen, som til dømes heimesjukepleie.
 

Kva kostar det?

Ved langtidsplass i institusjon vert eigenbetalinga basert på inntekt, og skal betalast pr. månad. Korleis eigenbetalinga vert utrekna, går fram av Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester § 3.
 

Korleis kan du søkje?

For å kunne søkje på tenesta må du bu eller opphalde deg i kommunen. Søknaden må være skriftleg. Omsorgskontoret handsamar søknaden fortløpande, og det blir i samband med dette gjort eit heimebesøk for kartlegging av din livssituasjon. Du vil kome i kontakt med sakshandsamar innan tre veker.